Hopp til innhold

- Treng forsterkingar, ikkje påfyll

Kjetil Rekdal jaktar framleis på ei målmaskin som kan løfte AaFK. Ambisjonen er ikkje lenger berre å overleve eliteserien.

AaFK-trenar Kjetil Rekdal

AaFK-trenar Kjetil Rekdal siktar oppover, og jaktar framleis på ein målgarantist.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Vi har sagt at vi vil ha ein målgarantist framme. Aalesund er ikkje lenger noko botnlag i tippeligaen, vi siktar oppover, seier trenar Kjetil Rekdal, som dermed stiller tøffare krav til spelarane sine.

- Ikkje nok å berre overleve eliteserien

For å nå høgast mogleg, treng AaFK å forsterke stallen sin, men det er ikkje uproblematisk når Kjetil Rekdal er på jakt.

- Spelarane vi jaktar har ein heilt annan ambisjon når det gjeld lønsnivå, og då er det vanskelegare å få tak i dei du vil ha.

Samtidig ser Rekdal etter spelarar som har andre ambisjonar når det gjeld det sportslege nivået.

- Nivået vi siktar etter er ikkje for å overlevere eliteserien lenger, men å angripe laga framfor oss på tabellen. Då treng vi forsterkingar og ikkje påfyll.

AaFK-trening

AaFK hadde torsdag si siste treningsøkt før avreise til La Manga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Amund Skiri og Kjell Rune Sellin er begge ute med langtidsskadar, og Rekdal ventar at dei vert borte i fleire månader framover. Det at AaFK har ein liten stall, gjer laget sårbare dersom endå fleire skulle verte skadde.

- Vi trenar for å verte best moglege og ønskjer å vinne noko. Det er så jamnt i tippeligaen at alt kan skje. Vi har ein liten stall, og vi må klare å kome oss gjennom eventuelle skadeperiodar utan å stå att med lite poeng, seier Rekdal.

- Ingen absolutt medaljekandidat

AaFK-trenaren meiner det er ein naturleg ambisjon at AaFK bør ligge på mellom ein sjette og ein tiande plass på tabellen.

- Å byrje å fable om at vi er ein absolutt medaljekandidat vert feil. Vi kan fort kjempe om det, men vi kan fort hamne under midten på tabellen også. Har vi ein knallsesong kan vi hamne over sjetteplassen, men har vi ein dårleg sesong kan vi hamne under tiandeplass.

AaFK hadde torsdag si siste treningsøkt før avreise til La Manga og Copa del Sol-cup.

- På La Manga får vi måle krefter mot lag vi ikkje spelar mot elles, og det er alltid positivt. Under treningskampane ser eg etter om vi er lojale mot måten vi ønskjer å spele på, at vi jobbar hardt og at strukturen er på plass. Her får vi brukt spelarar som treng det og som må måle seg opp mot det nivået dei skal opp til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL