No har ho flytta til Ålesund. Der er hunden hennar, Nikita, den beste venen ho har. For menneskevener har ho få av, seier Benedicte Fjelldal.
Dette er den beste venen til Benedicte Fjelldal, hunden Nikita. Menneskevener har ho ikkje.
Foto: Andreas Sundby / NRK- Eg tykkjer ikkje det er rettferdig. Det er jo ikkje mi skuld at eg ser ut som eg gjer, seier ho til NRK. Eg har ingen vener, fortel ho.
•
•
Blei operert
Hjernesvulstoperasjonen snudde opp ned på alt då ho var ni år. I Oslo og Nannestad ville ingen vere saman med henne.
No held Benedicte Fjelldal foredrag om livet sitt som mobbeoffer.
Foto: Andreas Sundby / NRK- Alle såg på meg og glana stygt på meg, seier Benedicte Fjelldal.
•
Valde å flytte
Mobbinga og einsemda vart så påtrengande at ho måtte gjere noko. Ho flytta frå austlandet for å starte eit nytt og betre liv i Ålesund. No arbeider ho ved ei verna bedrift i Ålesund to dagar i veka.
Benedicte Fjelldal lever eit einsamt liv. Men ho tek opp kampen og held foredrag om livet sitt.
Foto: Andreas Sundby / NRK- Alle veit at det ikkje går an å flykte frå problema. Det hjalp kanskje litt i byrjinga. Men etter kvart har det blitt verre, fortel ho.
•
•
Held foredrag om livet sitt
Denne veka har vore spesiell for Benedicte Fjelldal. Ho har valt å stå fram med vanskane sine. No har ho halde foredrag om livet sitt.
- Eg vonar eg kan få folk til å forstå at vi er menneske vi også og at vi har kjensler vi også, seier ho.
- Ei tøff historie
Kjærleik, vennskap og gode sosiale nettverk, blir sett på som sjølsagte ting. Andre går åleine gjennom byen. Dag etter dag. Veke etter veke. Når ho no står fram er det ei sterk historie ho kan fortelje.
- Ho har ei sterk historie. Det er synd at samfunnet er slik at nokon blir utsett for sånt, seier aktivitøren på den verna bedrifta, Torill Vedeld Hoddevik.
Foredrag i Spjelkavik kyrkje
Onsdag gjorde Benedicte Fjelldal noko ho har hatt lyst til, men aldri gjort . Ho heldt foredrag om sitt eige liv i Spjelkavik kyrkje. Ho både grudde og gledde seg til å tale frå talarstolen i kyrkja.
- Det har vore tung å aldri kunne sjå meg sjølv som ei søt og pen jente, seier Benedicte Fjelldal.
Men no klarte ho det tøffe: Å stå fram med historia si og å appellere til mobbarane med ei von om at nokon skal forstå.