Hopp til innhold

Direktøren går inn for to sjukehus - Dette blir krig, seier tidlegare Kristiansundsordførar

NRK har fått stadfesta at direktøren i Helse Nordmøre og Romsdal går inn for at det skal vere sjukehus både i Molde og i Kristiansund.

Sjukehus Kristiansund og Molde montasje
Foto: NRK

Tidlegare ordførar i Kristiansund, Harald Stokke, frykta at direktøren i Helse Nordmøre og Romsdal skulle gå inn for ei to-sjukehus-løysing. Dette fekk han stadfesta mens han var på direkten i morgensendinga til NRK Møre og Romsdal.

- No blir det krig, seier Harald Stokke.

Harald Stokke

Tidlegare ordførar Harald Stokke har engasjert seg sterkt i sjukehussaka. Dagens innstilling er ei krigserklæring, seier han.

Foto: NRK

- Vi får ikkje to fullt utbygde sjukehus. Det blir ein avansert sjukeheim i Kristiansund og eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Dette blir det krig av, seier tidlegare ordførar i Kristiansund, Harald Stokke.

Pressekonferanse klokka 10.00

Måndag morgon blir dei tilsette informerte om innstillinga til direktør Bjørn Engum. Dette betyr at innstillinga ikkje er offisiell enno. Først klokka 10.00 måndag får vi vite frå direktøren kva innstillinga er. Men NRK har fått stadfesta at innstillinga går ut på at det skal vere sjukehus både i Kristiansund og Molde.

Bjørn Engum

Direktør Bjørn Engum legg fram si innstilling for dei tilsette i morgontimane. Klokka 10.00 held han pressekonferanse.

– Hovudønskjet vårt var sjølvsagt at vi skulle ha fullt utbygde sjukehus både i Molde og Kristiansund. Men no er det ein gong slik at fødeavdeling og akuttfunksjonane skal samlast. Då blir vi sitande igjen med berre ein avansert sjukeheim i Kristiansund. Då er valet enkelt, seier Harald Stokke.

– Dette blir krig

Tidlegare ordførar Harald Stokke er ikkje nådig i sin karakteristikk over korleis han meiner reaksjonane på Nordmøre blir. Innstillinga om to sjukehus fører til ikkje noka fredsslutning mellom Nordmøre og Romsdal, seier han.

– Overføring av akuttfunksjonar og fødeavdeling frå Kristiansund til Molde er ei krigserklæring. Det blir kanskje fred i Molde. Men det blir ikkje fred på Nordmøre. Eg tør ikkje tenkje på konsekvensane. Dette blir krig, seier Harald Stokke.

Vedtak 11. november

Styret i Helse Midt-Noreg skal gjere vedtak i saka 11. november. Saka går då vidare til Helsedepartementet. Harald Stokke trur at vedtaket kan bli snudd opp ned der.

– Det er ikkje på direktørnivå dette blir avgjort. Heller ikkje i styra. Denne saka går vidare til departementet og blir avgjort der, seier Stokke til NRK.

Motsetnad mellom Nordmøre og Romsdal

Dette er ei sak med sterke motsetnader mellom Nordmøre og Romsdal. Politisk redaktør i Romsdals Budstikke karakteriserer på leiarplass den valde løysinga som to sjukehus og fred . I Kristiansund blir løysinga sett på som den verst tenkjelege. NRK følgjer opp saka, og følgjer pressekonferansen klokka 10.00. Du kan følgje pressekonferansen direkte her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL