Hopp til innhold

- Tidenes Raumarock

- Me lovde tidenes festival, og meiner me innfrir, seier Frode Nakken om årets program.

Leningrad Cowboys boahtá Buktafestivalii.

TIL RAUMA: Leningrad Cowboys er eit av dei største banda som har vore med på Raumarock.

Foto: Studio Ahti

Clutch på Buktafestivalen 2010

TIL RAUMA: Clutch kjem til Raumarock i august. Bildet er frå Buktafestivalen 2010.

Foto: Per Ole Hagen, NRK

Torsdag vart det klart at band som amerikanske Clutch, finske Leningrad Cowboys og Di Derre besøker Åndalsnes i august.

- To av dei definitivt største banda som har besøkt kaikanten, skriv festivalen om Clutch og Leningrad Cowboys.

Allereie før programmet er spikra, er dermed festivalleiar Frode Nakken sikker på at tiårsjubileet blir tidenes festival.

Under kan du lese meir om artistane.

Leningrad Cowboys

- Det finske bandet er klar etter fleire års jakt, står det i pressemeldinga frå festivalen.

Musikken har røter i polka, finsk og russisk musikk, og lyduttrykket er blanda av elektrisk gitar, munnspel og tuba.

Bandet kjem til Åndalsnes med 13 medlemmer og syng om vodka, traktorar, raketter og Djengis Khan.

Clutch

- Hardtarbeidande sørstatsrockarar frå Germantown, Maryland, i følge Raumarock.

Bandet speler rock & roll, og er inspirert av band som Led Zeppelin og Black Sabbath.

Bandet har spelt saman i over 20 år, når dei no kjem til Raumarock.

Norske bidrag

Dei norske rapparane Jaa9 & OnklP møter opp på Åndalsnes laurdag under Raumarock. Med to album ute dette året er dei av dei meir produktive av norske band.

Mhoo vart danna våren 2009. I løpet av året vann dei UKM, spelte på Slottsfjell-festivalen, og kom seg med i Bylarm i februar 2010. I signerte dei platekontrakt. Debutalbummet kjem i sommar, og då kjem bandet også til Åndalsnes.

Kolabruise og Over the edge er også to band som dukkar opp i Rauma i august. Frå tidlegare er det også kjent at Urørt-vinnarane i Honningbarna, Kvelertak, Oslo Ess og Di derre er klar for festivalen.