NRK Meny
Normal

- Ta vare på dei ulykkesramma

Fylkesmannen og fylkesordføraren har begge gitt uttrykk for medkjensle med dei som er ramma av ulykka i Ålesund natt til onsdag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Fylkesmann Ottar Befring

Fylkesmann Ottar Befring

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Fylkesmannen har stilt seg og staben sin til rådvelde for politiet og kommunen dersom dei ønskjer assistanse.

- Forferdeleg ulykke

- Det er ei forferdeleg ulykke som har råka Ålesund og distriktet, seier fylkesmann Ottar Befring. - Sjølv om håpet om å finne overlevande vert mindre, må fokus vere å ta vare på dei som er råka: sakna, skadde, pårørande og evakuerte. Redningstenesta og kommunen gjer ein formidabel jobb, trass ekstremt vanskelege forhold på ulukkesstaden og at svært mange er omfatta. Det er trass alt betryggande å sjå at beredskapen fungerer, seier fylkesmannen.

Olav Bratland

Fylkesordførar Olav Bratland

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

- Sterk medkjensle

- Hendinga i Fjelltunvegen 26. mars gjer sterkt inntrykk, seier fylkeordførar Olav Bratland. Tankane våre går til dei som er sakna og ikkje minst dei pårørande som no lever i uvisse. Eg vil på vegner av Møre og Romsdal fylke uttrykkje medkjensle med dei som er råka i samband med hendinga. Eg vil også gje ros til dei som står på i den vanskelege redningsaksjonen, seier fylkesordføraren.