Hopp til innhold

- Sykt å møte Kronprisen

Førsteklassing Iselin Hildrestrand på Borgund vidaregåande skule syns det var sykt, men veldig artig å møte Kronprinsen.

Video Kronprinsen på Dignity Day i Ålesund

Kronprinsen møtte elever ved Borgund vgs på Dignity Day

Elevar ved Borgund vgs

Celine Løvoll Hildrestrand var ei av mange som var på Dignity Day

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

- Det var spennande og veldig artig å ha Kronprinsen på besøk. Eg merka at alle i klassa var veldig ivrige og ville vere med, seier Celine Løvoll Hildrestrand, som går første året på helse- og sosialfag.

- Vi har vore med og skrive historie i dag, det er litt sykt, men veldig artig, seier ho.

Imponert over kuffertberar

Sjølv fortalde Kronprins Haakon at fleire historier som elevane fortalde om verdigheit gjorde inntrykk.

- Ein elev fortalde at han hadde hjelpt nokon på bussen med å bere noko tungt, ein annan hadde gått tur med ei gamal dame, sa Kronprinsen.

Stolt Kronprins

I to timar torsdag formiddag var kronprinsen med og underviste 1.klassingane på ålesundsskulen Borgund vidaregåande skule. Kort sagt har temaet voreå lære ungdommane å vere stolte og ha respekt både for seg sjølv og andre.

- Eg er veldig spent. Det er mykje styr på skulen i dag, sa elevrådsleiar Anne Marte Brautaset på førehand.

Dignity Day

Kronprins Haakon på besøk på Borgund vidaregåande skule

Kronprins Haakon i det han kom til Borgund vidaregåande skule torsdag.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

For fire år sidan bestemte Kronprins Haakon seg for å vere med å lære unge om verdigheit. Visjonen er ifølgje organisasjonen sjølv:

1. Å fremme verdighetsbasert lederskap.
2. Å stimulere til en global samtale om verdighet.
3. Å engasjere ungdom i betydningen av verdighet.

Store forventingar

På førehand hadde elevane store forventningar til dagen.

- Vi syns det er utruleg stort at Kronprinsen vil lære oss om verdigheit. Vi reknar med at han vil fortelje om sitt syn på dette, og kanskje også spørje oss, sa Brautaset torsdag morgon.

Kronprins Haakon på Bogund vidaregåande skule

Kronprins Haakon snakka om verdigheit torsdag.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Ingen stilte i bunad eller speilfløyel torsdag. Det var desto tettare mellom dongeribuksene og hettegensarane.