Hopp til innhold

- Svekkar det raud-grøne prosjektet

Haga sin avgang svekkar det raudgrøne regjeringsprosjektet, meiner stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug frå Venstre.

Leif Helge Kongshaug(V)
Foto: Trond Vestre / NRK

I føremiddag gjekk Haga av som olje- og energiminister og som partileiar av helsemessige grunnar.

Kongshaug meiner avgangen hennar svekkar regjeringa.

- Det er klart at når ein så sentral politikar går av på denne måten så står regjeringa svekka. Dette kjem i tillegg til at den raudgrøne regjeringa slit. Haga er partileiarog det er ikkje berre å finne fram til ein erstattar, seier Konsghaug.

Kongshaug meiner at dette og svekkar sjølve det raudgrøne samarbeidsprosjektet fordi Haga har vore så sentral i dette prosjektet.

- Eg trur ikkje det hadde vore noko raudgrøn regjering utan Åslaug Haga, og når sjølve konstruktøren forsvinn så er det klart at det då svekkar prosjektet. Eg håpar at Senterpartiet vil kome tilbake til det borgarlege samarbeidet etter valet, seier Kongshaug.

Fredag blir det klart kven som blir ny olje- og energiminister. Kongshaug seier at dette er ein tung og viktig post.

- Dersom eg skulle peika på ein ny olje- og energiminister så måtte det blir Marit Arnstad. Men det kan og blir omrokkeringar i regjeringa fordi den nye partileiaren må inn i regjeringa og site i regjeringa sitt underutval, seier Kongshaug.