NRK Meny
Normal

- Stort forbetringspotensial

Trenarane i MFK og AaFK er samde om at det er mykje å forbetre fram mot sesongstarten på søndag.

Video nsps_upload_2009_3_9_13_45_42_51.JPG

Molde slo AaFK 1-0 i generalprøven før Eliteserien tek til. Neste søndag startar seriespelet.

MFK-trenar Kjell Jonevret er nøgd med kampen, men meiner det er mykje å rette på den neste veka.

- Eg tykkjer vi bør avgjere denne kampen tidlegare. Vi slepp til ein del unødige sjansar på slutten her, gjennom å miste ballen. Vi har nok litt å snakke om, seier han, og har sett seg ut nokre felt som skal terpast på fram mot seriestarten mot Lyn i Oslo neste helg.

- På rett veg

- Vi skal trene som vi har gjort, vi kjenner at vi er på rett veg. Det blir ikkje like mykje spel mot etablert forsvar når vi møter Lyn, det blir ein annleis kamp, så då må vi trene på andre ting, fortel Jonevret.

Kampen på Aker stadion var jamnspelt, og ingen av dei to laga leverte store kampar. Også AaFK-trenar Kjetil Rekdal såg forbetringspotensial i laget sitt.

- Vi må bli meir nøyaktige på det vi gjer, vi har masse balltap som er heilt unødige, og slurvete pasningsspel inn mellom. Når vi får retta på det blir vi fort farlegare framover, og betre defensivt også.

Det var Molde som gjekk sigrande ut av kampen søndag. Andre omgang var mest prega av beredskapsøvinga som arrangørstaben på Aker stadion gjennomførte, meinte Rekdal etter kampen. Til høgre kan du sjå bilda frå øvinga.

Klare kapteinar

AaFK-kaptein Johan Arneng fann likevel litt å vere nøgd med.

- Vi skaper nok målsjansar til at vi burde skåre både eit og fleire mål. Vi har store nok sjansar til at vi burde kunne skåre i denne kampen.

Minst nøgd er han med at dei slepte Molde for mykje til mot sitt mål.

Heimelaget sin kaptein, Daniel Berg Hestad fann ikkje så mykje positivt å trekke fram, og meiner at underlaget på treningane blir viktig den neste veka.

- Vi må trene meir på gras. Vi sleit med underlaget i dag. At dette var fyrste kamp på dette underlaget bar vi tydeleg preg av, seier han.