Hopp til innhold

- Statsråden er for defensiv

Arbeidarparti-politikar Eva Vinje Aurdal frå Ålesund meiner samferdselsministeren er alt for defensiv i spørsmål om hurtigtog.

Hurtigtog

Eva Vinje Aurdal vil ha på plass planar om hurtigtog mellom Dombås og Ålesund

Foto: Deutsche Bahn AG, Warter

Magnhild Meltveit Kleppa har tidlegare sagt at ein no må konsentrere seg om å få til hurtigtog mellom dei store byane, og at Ålesund-Dombås må vente.

Det reagerer Aurdal svært sterkt på.

- Eg forstår ikkje kvifor ho skal gjere dette. No har vi utgreiingar som viser at det er mogleg. Møre og Romsdal har mykje verdiskaping og eksport, så dette synes eg er merkeleg. Eg forstår ikkje kva som er årsaka til at vi er utelukka frå denne prosessen.

- Vi har et stort behov for mer transport

Gir ikkje opp hurtigtog

Bruker 300 000 på togutgreiing

Dette er tida Norsk Bane AS mener det vil ta med hurtigtog fra Oslo.

Dette er tida Norsk Bane AS mener det vil ta med hurtigtog fra Oslo

Foto: Norsk Bane AS

Aurdal seier at årsaka til at Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylke har gitt penger til utgreiing av hurtigtog mellom Ålesund og Dombås er at dette skulle komme samtidig med resten av hurtigtognettet.

- Det har vore jobba mykje og godt med saka og no må vi vere på hogget når viktige politiske val blir tatt, seier Eva Vinje Aurdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL