Det meiner kommunestyret i Herøy.
Ordførar Arnulf Goksøyr meiner dyre utgravingar hindrar samfunnsutviklinga sidan mange ikkje har pengar att til
utbygging når dei har betalt rekninga frå arkeologane.
Dei siste åtte åra har Herøy kommune brukt åtte millionar kroner til arkeologiske utgravingar.
Ill.foto (Terje Bendiksby/Scanpix)
Det er utbyggar som må betale - uansett om det er kommunene eller privatperson.
Ein privatperson kan derfor risikere å måtte betale nesten ein million kroner i utgravingar før området blir regulert til det ein ønskjer.
Kommunestyret i Herøy håper fleire kommunestyre vil ta opp saka.
Dei sender no brev til Kommunal-, Nærings og Miljødepartementa.
Goksøyr har vore i kontakt med Miljødepartementet før, men har fått til svar at lova er slik, og det er ikkje noko godt svar, meiner Herøe-ordføraren.