Hopp til innhold

- Sorgens dag

- Dette er ein sorgens dag, seier ordførar Frank Sve i Stranda etter å ha fått vite at kommunen kan miste Ekornesfabrikken.

Frank Sve
Foto: Andreas Sundby / NRK

Men Sve seier at han no vil i dialog med leiinga i Ekornes.

- Ja eg har vore i umiddelbar kontakt med direktør Drabløs, og vi kjem til å kome saman i eit møte så fort vi kan, seier Sve torsdag ettermiddag.

Arbeidsplassar kan bli redda

- Vi kjem til å bidra så godt som mogleg for dei som blir råka, og blir oppsagt. Det er jo slett ikkje sikkert at alle på Stranda blir oppsagt, men der er jo ei intern fordeling, og vi får avvente og sjå kva som blir resultatet, seier Sve.

Men sjølv om nokre av arbeidsplassane blir redda, blir likevel fabrikken på Stranda lagt ned, noko som er alvorleg, meiner ordføraren.

- Veldig skuffa

- Vi ser no resultatet av finanskrisa, meiner han.

- For min del er eg veldig skuffa over at regjeringa er alt for seint ute med sine krisepakkar. Det er for seint for desse 180 tilsette som no mister jobben sin, og det er synd at ein ikkje fekk endra på permitteringsreglane slik at det kunne fått effekt i ei slik sak, meiner han.

- Det er trist, og det er ein særs tung dag når vi får ei slik melding, seier Sve.