NRK Meny
Normal

- Snart tom tank

- Det kan sjå ut som om propantanken snart er tom, men me veit endå ikkje kor lang tid det vil ta å brenne ut gassen, seier operatør Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt.

Sjekkar avløpssystemet for propan

Brannvesenet sjekka avløpssystemet i Ålesund for propan søndag kveld. Her sjekkar dei ein kum i Fjellgata med fakkel.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

- Me ventar berre på beskjed om at brannen er slokna på grunn av at det er tomt for propan, seier han.

Brannvesenet håper tanken snart er tom.

Bilete av tanken viser at den snart er tom, men brannvesenet tør ikkje seie kor lang tid det vil ta før gassen er utbrent.

- Må vente og sjå

Brannvesenet har søndag kveld teke bilete av propantanken i Ålesund, og trur den er nær tom. Det er likevel vanskeleg å seie når all gassen er utbrent, fortel Reite.

- Me må no avvente utover natta, for å sjå utviklinga, seier han.

Vegen stengt

Søndag har brannvesenet undersøkt avløpskummar i området for å sjå om det fins gass i røra. På grunn av dette har Borgundvegen vore stengt ei kort periode, men Reite seier det ikkje er funne noko gass.

- Vegen er stengt til me er sikre, men prøvene viser at det ikkje er gass i avløpssystemet, fortel han.

For å undersøke om det var gass i avløpssystemet gjorde brannvesenet målingar i kummar, før dei prøvde å tenne på gass med ein fakkel. Dette gav ikkje resultat søndag kveld.

Brannvesenet startet søndag med å bore seg gjennom en murvegg.

Tidleg søndag starta brannvesenet boring for å kome inn til propantanken.

Foto: POLITIET / SCANPIX