NRK Meny
Normal

- Skulle drepe for sprit og 2500 kroner

I Søre Sunnmøre tingrett starta i dag rettssaka mot ei 28 år gamal kvinne og ein 18 år gamal mann frå Vanylven.

Kart Vanylven

– Eg slo ikkje for å drepe, fortalde guten. Han erklærte seg skuldig i tiltalen.

Ifølgje den tiltalte 18- åringen skal den 28 år gamle kvinna ha kontakta han 5. september i fjor, og bedt han om å slå ei 25 år gamal kvinne og hennar fire år gamle dotter bevisstlause med ei kjevle. Han fekk òg med seg kniv og eingongshanskar.

Drapsvåpen
Foto: Eirin Aardal.

Bagasjerommet

Seint på kvelden køyrde den tiltalte kvinna han til offeret sitt hus og gav han nøklar til å kome seg inn.

– Eg fekk beskjed om å legge dei to personane i bagasjerommet i offeret sin bil, og køyre dei til sjøen, fortalde 18- åringen.

Der skulle den tiltalte kvinna møte han, og saman skulle dei dytte bilen ut i sjøen. I betaling skulle guten få ei flaske sprit og 2.500 kroner.

Klarte ikkje å drepe

Guten fortalde at han gjekk inn i huset, tok av seg skoa og slo offeret i hovudet med ei kjevle to gongar. Slik påførte han den 25 år gamle kvinna kjevebeinsbrot. Då ho fekk tak i kjevla tok han opp kniven.

 tingrett. vitneboks.
Foto: Eirin Aardal.

– Eg bad ho gå ut og legge seg i bagasjerommet, men så forstod eg at eg gjorde noko gale og gjekk, sa han og forklarte vidare at han måtte inn att i huset for å hente mobiltelefonen sin.

– Eg hadde aldri klart å drepe nokon, det visste eg. Plutseleg forstod eg at eg gjorde noko gale, men før det fekk eg blackout.

Ifølgje sakkyndige som har vurdert guten i samband med saka kan det påvisast lettare psykisk utviklingshemming. Han har òg diagnosen ADHD og lese- og skrivevanskar.

Redd for juling

Den tiltalte guten skulle etter planen ta med seg mobilen til offeret så den tiltalte kvinna kunne sende offeret sin sambuar ei sjølvmordsmelding. I forklaringa si i retten fortalde guten at han var redd for å få juling av den tiltalte kvinna.

- Ho kan bli ganske skummel når ho blir sint, fortalde han. Under rettssaka kom det fram at den tiltalte kvinna hadde kontakta 18- åringen fleire gonger for å få hjelp til å ta si tidlegare veninne av dage. – Eg følte meg pressa og såg det som einaste utveg, sjølv om eg visste at eg aldri kunne gjere det.

Sjalusidrama

Både dei to tiltalte samt offeret er bekjende og busette i ei bygd på Søre Sunnmøre. Ifølgje guten skal bakgrunnen for handlinga vere at offeret flytta inn hos den tiltalte kvinna sin eks-mann. Han har tre born med tiltalte.

– Ho var sint fordi ho stal mannen hennar, fortalde han.

Krav om erstatning

Den fornærma kvinna i saka krev erstatning til seg sjølv og dottera. Ifølgje bistandsadvokat Walter Høivik kan dei krevje opptil 150.000 kroner kvar.

– Sambuaren til den fornærma kvinna har òg kravd erstatning grunna tapt inntekt i perioden og denne er på 100.000 kroner, uttaler Høivik. Den tiltalte 18- åringen sa seg villig til å betale erstatning til den 25- år gamle kvinna, men ikkje til dottera og mannen.

– Eg var ikkje borti dottera, understreka han då spørsmålet kom opp.

Rettssaka skal vare heile veka, og i morgon skal den tiltalte kvinna og offeret vitne.