Hopp til innhold

- Skulen er frykteleg viktig

Foreldra ved skulane som kan verte lagt ned i Surnadal, vil mobilisere mot nedlegging.

Surnadal kommune
Foto: Odd Sørås / NRK

Rådmannen har lagt fram 5 alternativ for skolestrukturen i kommunen, i 4 av desse er det foreslått å legge ned skular.

Dramatiske kuttforslag

Todalen skole er foreslått nedlagd i fleire av alternativa. FAU-leder Ragna Kvendset seier bygda vil kjempe mot.

- Det er stor aktivitet i bygda. Det har det vore og det kjem det til å verte. At skulen er ein frykteleg viktig del av bygda, det trur eg ikkje nokon er ueinig i, seier ho.

- Vi er spente på utfallet

Det minst radikale forslaget til rådmannen vil bety at skulestrukturen består som i dag, og kommunen sparer 5,7 millioner kroner. I det mest radikale forslaget vert alle dei fem grendeskulane lagt ned med ei innsparing på 18 millionar kroner.

Bøfjorden skole er blant skulane som kan ryke. FAU-leiar, Elisif Sæthervik Berg, seier det er sørgjeleg dersom skulen vert nedlagd.

- Vi kjem til å sette i gong det vi kan for å bevare skulen vår, men vi er svært spent på utfallet. Vi ser store hindringar, for å seie det slik. Vi føler vi har kniven på strupen.

Det er økonomi og folketalsutviklinga som gjer at Surnadal kan bli tvinga til å gjere noko med skulestrukturen - for første gong sidan 1960-talet. Folketalet går nedover. Det betyr at det vert færre elevar i fremtida. Og det betyr at kommunen misser skatteinntekter.

Høyrer på lokalsamfunnet

26.juni fell den endelege avgjerdsla i kommunestyret. Ordførar Mons Otnes, vil ikkje seie noko no om kva han meiner er den beste løysinga.

Mons Otnes

Ordføraren i Surnadal vil ha innspel frå innbyggjarane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

- Vi skal ha ein høyringsfrekvens no, så skal vi ha kommunestyremøte i slutten av juni. Eg vil ikkje bestemme at denne prosessen er over, for eg har lyst til å høyre på lokalsamfunnet i Surnadal, kva dei ynskjer. Eg vil ha ulike innspel, som skal vere med å føre fram til det vedtaket vi gjer, seier ordføraren.

Stig Sæter frå Høgre meiner at rådmannen burde ha peika på kva han meiner er det beste alternativet. Sæter trur det kan verte vanskeleg å kome utanom nedlegging av skular.

- Eg veit no at det er forferdeleg stor motstand der desse småskulane er, og det har eg stor forståing for.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL