Hopp til innhold

- Skuld ikkje på verneplanen

Fråflyttinga frå Smøla har ingenting med verneplanen å gjere. Fryktar for utviklinga av Smøla

Smøla
Foto: Geir Alnes

Alv Ottar Folkestad på Runde
Foto: Øystein Windstad

Det hevdar leiar i Norsk Ornitologisk forening, Alv Ottar Folkestad. Han meiner både ordførar og innbyggarar overdramatiserer saka om verneplanen for Smøla.

Får ikkje utvikle seg

Forslaget til verneplan inneber at det blir lagt band på 275 kvadratkilometer sjø- og landareal, men Smøla kommune krev ein vesentleg reduksjon. Ordførar Iver Nordseth fryktar for at kommunen ikkje får utvikle seg når så store delar av arealet blir bandlagt. Dette vil igjen føre til fråflytting, meiner han.

Arealet er ikkje avgjerande

Dette forstår ikkje Folkestad. Han meiner det er heilt andre moment enn arealtilgangen som er vesentleg for om folk vil bu i ein kommune eller ikkje. Han meiner smølaværingane snart må innsjå verdien av landskapet dei bur i.

- Smøla er heilt spesiell både i norsk og internasjonal samanheng. Dette blei påvist alt på 70-talet. Smøla har naturverdiar som ligg langt utanfor det som vanleg i norsk samanheng, seier Folkestad.