Hopp til innhold

- Skuffa over EFTA-dommen

Ordførar Bergsvein Brøske i Surnadal meiner dommen i EFTA-domstolen kan føre til press frå utanlandske kapitalinteresser for å eige norsk vasskraft. Han trur likevel det finst løysingar.

Bergsvein Brøske
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

EFTA-domstolen har bestemt at Noreg ikkje kan halde fram med å forskjellsbehandle private og offentlege eigarar av vasskraft. I dag gjeld det ein heimfallsrett som gjer at staten vederlagsfritt kan overta rettane frå private eigarar etter 60 år.

- Evige verdiar

Ordførar Bergsvein Brøske i Surnadal er styremedlem i Landssamanslutninga av Vassdragskommunar. Han seier han fryktar at det etter denne dommen vil bli eit press frå utanlandsk kapital for å komme seg inn på eigarsida når det gjeld norske fallrettar. - No må regjeringa og alle gode krefter setje seg ned for å finne ei løysing, seier Brøske. Han er svært skuffa over dommen, og ser det som svært viktig at det han kallar dei evige verdiane i norsk vasskraft framleis skal vere samfunnsstyrde.

Heimfallsrett ved sal

Bergsvein Brøske seier at det tidlegare har vore lansert ei løysing som går ut på å innføre ein heimfallsrett som også gjeld offentlege eigarar (kommunar og fylkeskommunar), men slik at heimfallsretten berre skal gjelde ved sal av vassdragsrettane. Han meiner dette er ei løysing som kan aksepterast av EFTA-domstolen, og trur det er brei tverrpolitisk semje om at dette kan vere vegen å gå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL