Hopp til innhold

- Ønskte at eg ikkje var fotballinteressert i det heile

Aafk-veteran Amund Skiri meiner at sjølvtilliten til spelarane fell nokre hakk etter dei to siste kampane med tap. I går leda Aafk 2-0. Men i løpet av kort tid snudde Odd Grenland kampen.

Amund Skiri Tor Hogne Aarøy

Amund Skiri og Tor Hogne Aarøy i diskusjon under kampen mot Odd.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Amund Skiri seier spelarane slett ikkje sat att med noka god kjensle etter tapet mot Odd.

- Denne dagen var ein slik dag der du ikkje heilt skjønar kva som traff deg, og etter kampen skulle eg helst ønskje at eg ikkje var fotballinteressert i det heile, seier Amund Skiri. Det er ei skikkeleg forferdeleg, ekkel og stygg kjensle, seier han.

Odd satte kjepper i AaFK-hjulene

Odd snudde kampen

To tap etter kjempeopning

Aalesund har hatt ei sterk opning på sesongen. For første gong har laget vore serieleiar etter fleire serierundar. No er laget nede på ein fjerdeplass. Etter nokre sure tap er nok ikkje sjølvtilliten like høg som i forrige veke, seier Skiri.

- Sjølvtilliten vil automatisk falle litt. Då er det ein jobb for oss å halde humøret oppe, å byggje opp kvarandre og å ha trua på at det vi driv med er bra nok til å vinne neste kamp, mot Vålerenga borte, seier Skiri.

Spissduellen i Ålesund

- Sånt som skjer

Tapet gjer at Aalesund misbrukte høvet til å leggje ytterlegare press på tetrivalane Rosenborg og Tromsø. Også Lillestrøm passerte Aafk på tabellen.

- Eg kan ikkje setje fingeren på nøyaktig kva som gjekk gale. Det er sånt som kan skje i fotball, seier trenar Kjetil Rekdal.