Det meiner forskar Fredrik Carlsen ved NTNU i Trondheim.
I ein rapport peikar Carlsen på at behandlingsbehovet blir feilvurdert fordi inntektsnivå, utdanning og talet på uføre blir utelatt.
Tar ikkje omsyn til levekår
Carlsen meiner at dagens modell undervurderer behandlingsbehovet i Nordmøre og Romsdal med 3-6 prosent fordi det ikkje blir tatt omsyn til levekår. Carlsen trekkjer særleg fram Kristiansund som eit område der dette slår ut.
For Sunnmøre sin del vil det ikkje vere nokon skilnad mellom dagens modell og den meir levekårsbaserte modellen som Carlsen har laga.
I område med lågt inntekts- og utdanningsnivå og med mange uføre blir altså behandlingsbehovet undervurdert i dag medan område med høgt inntekts- og utdanningsnivå med få uføre kjem svært godt ut når ressursane skal fordelast på dei ulike heleforetaka.
Nord-Noreg skeivt ut
Det er særleg Nord-Noreg som kjem skeivt ut i dag fordi levekåra skaper eit behandlingstilbod som ikkje blir fanga opp av dagens modell medan Bærum og Asker er eit område som kjem svært godt ut.