Hopp til innhold

- Skal knuse Aalesund

I Ulstein er cupstemninga stigande. Billettsalet framfor kampen mellom Hødd og Aalesund går unna. No trur dei at Hødd kan sparke Aalesund ut av cupen.

Video HØDD VIL KNUSE AALESUND

Adama Diomande seier Hødd vil knuse Aalesund i cupkampen komande onsdag.

Han har sikra seg billettar, og veit det kan bli fullsett stadion. Det har vore spelt bataljar det går gjetord om på Høddvoll før. No tykkjer dei det luktar avansement på fotballøya vest i havet.

Per Dimmen

Per Dimmen ventar kniving mellom to motiverte lag på Høddvoll onsdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Her er det kniving og topp motivasjon for begge lag, seier tidlegare Hødd-spelar Per Dimmen i det han sikrar seg billettar til kampen.

Nrk.no sender både Hødd-Aalesund og Tiller-Molde, pluss fleire andre cupkampar direkte onsdag.

Klar til kamp

Også den nye storskåraren til Hødd, Adama Diomande, er klar til kamp. Han har tenkt å sende Aalesund ut av cupen.

– Det blir ei strålande ramme rundt kampen. Eg vonar det kjem mange fans som støttar laget. Vi skal jobbe som berre det. Og eg trur vi skal slå Aalesund, seier Diomande til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Gode heimestatistikk

Diomande har markert seg som eit stjerneskot i årets Hødd-lag. Hødd har imponert, og ligg no på 7. plass på 1.-divisjonstabellen. Sjølv har Diomande skåra 8 serie- og cupmål.

– No er vi på heimebane og vi er veldig sterke der. Vi har ikkje tapt der på lenge. Vi har ein svært god heimestatistikk, seier Diomande.

– Vi går for siger

Hødd har ei ærerik historie, og i lange periodar var Hødd storebror på Sunnmøre. No er det på tide å ta tilbake denne tittelen, meiner klubbleiinga.

Sindre Eid

Assistenttrenar Sindre Eid seier Hødd går for siger onsdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– No går vi for siger. Heime på Høddvoll har vi ikkje tapt sidan 2009. Vi er sterke i trua, og vi skal selje oss dyrt på onsdag, seier assistenttrenar Sindre Eid.

– Vi skal knuse dei

Det er ein sjølvsikker Adama Diomande som møter NRK på kaia i Ulsteinvik. Han lovar at det skal vere eit offensivt Hødd-lag som entrar Høddvoll onsdag.

– Vi går i angrep med null respekt for motstandarane. Vi skal gjere vårt vanlege spel. Vi skal knuse dei, seier Adama Diomande.