Hopp til innhold

- Småskala vindmølleparkar kan vere framtida for bygdene

Vindmølleparkar treng ikkje vere store og ruvande. Ein gründer på Sunnmøre meiner at små møller i små parkar kan vere framtida for mange bygder.

Småskala vindpark Vartdal

Slik ser Wind Energy Nordic for seg at eit småskala vindmølle-anlegg kan sjå ut i Vartdal.

Foto: Wind Energy Nordic

Vardebrenning mot vindturbinar I mange bygdelag er det no bygd ut småkraftverk i mindre vassdrag. Men til no er det ingen som har satsa på småskala vindkraft. Det vil gründaren Bjørn Helset endre på.

Vindmøller Vartdal

Wind Energy Nordic vil setje opp vindmøller ved den gamle skulen på Nordre Vartdal.

Foto: Wind Energy Nordic
Folkemøte vindkraft Vartdal

Det var folkemøte om vindkraftplanane på Vartdal måndag kveld.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK
Bjørn Helset

Bjørn Helset står bak planane om småskala-vindkraft på Vartdal.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

– Spesielt jordbruket vil ha nytte av dette. Bøder som driv grisefarmar eller sauefarmar har kanskje eit årsforbruk på 60 - 7000 kilowatt i året. Her kan slike vindmølleanlegg kome inn som eit attraktivt alternativ, seier Helset.

– Høver i mange samanhengar

Men det er ikkje berre gardsbruk som er målgruppa. Ein vindturbin kostar frå 150.000 kroner. Har ein rette vindforholda kan investeringa vere inntent allereie første året, ifølgje Helset.

– Det hadde vore veldig spennande om dette hadde kome. Eg vil verken seie ja eller nei til slike planar no. Men dette kunne ha vore spennande, seier Johan Bertel Vartdal, som deltok på eit folkemøte på Nordre Vartdal i Ørsta i går kveld.

Øydelegg idyllen?

Planane om tradisjonell vindkraft har møtt mykje motstand langs heile norskekysten. Småskala-vindmøllene har langt mindre dimensjonar enn gigant-møllene det har vore planar om både på fjelltoppar og til havs.

– Desse møllene er ikkje så store, og med andre fargar treng dei ikkje vise så godt. Så eg har ikkje noko mot dette, seier Roger Vartdal, som også deltok på folkemøte i går.

– Dette høyres spennande ut. Men vi vil ikkje ha for mange av dei. Det kan bli for voldsomt, seier Tone Bjørdal etter folkemøtet.

Først i landet

Nordre Vartdal i Ørsta kan bli den første bygda som er sjølvforsynt med straum frå småskala-vindpark. Gründar Bjørn Helset vonar også at ei satsing kan føre til arbeidsplassar i bygda.

– Vi har som intensjon at vi ikkje berre skal skape arbeidsplassar sjølve. Dersom alt fell på plass kan resultatet bli 15 nye arbeidsplassar i løpet av eitt til to år, seier Helset.

Etablerer selskap

Selskapet Wind Energy Nordic er under etablering. Målet er å selge små vindturbindar som enten kan inngå i ein bygdevindpark eller for dei som vil ha sin eigen vindturbin.

– Her kan ein både fjerne kostnadene til eige straumforbruk, og ein kan tene pengar på å selje straum. Bønder har ofte 150 000 kroner i straumkostnader. Då har det litt å seie at dei både kan fjerne kostnadene og også ha ei ekstrainntekt, seier Helset.

– Raskt i overskot

Ifølgje Helset er det mogleg å gå med overskot allereie første året, viss vindforholda er optimale. Og fleire av dei som møtte fram i går kveld likte det dei fekk høyre.

– Eg trur nok ikkje eg kjem til å skaffe meg vindturbin. Eg bur i eit bustadfelt og der er det ikkje så aktuelt å setje opp ei vindmølle. Men det er klart at dersom det blir ein vindmøllepark der ein kan gå inn med aksjar, då kan det kanskje bli interessant, seier Jørn Vartdal.