NRK Meny
Normal

- Salet gjer MFK attraktiv

- Salet av Mame til Manchester United gjer Molde fotballklubb attraktiv for unge gode spelarar, seier leiar for Molde sin supporterklubb Tornekrattet, Eva Brit Mauseth.

Eva-Brit Mauseth
Foto: Arne Flatin / NRK

I går vart det klart at Moldespelaren Mame Biram Diouf går til Manchester United.

Senegaleseren er toppscorar i norsk eliteserie, og vert no den tredje Moldespelaren som går til den verdskjende storklubben.

Leiar i Molde sin supporterklubb Tornekrattet, Eva Brit Mauseth, seier supportarene er stolte.

- Vi er stolte over at MFK nok ein gong har klart å produsere fram ein spelar som går frå Molde til Manchester United. Dette gjer at MFK vert meir attraktiv for unge gode spelarar, for dei skjønar at her frå Molde kan dei gå vidare også, seier Mauseth.

- Vi har ikkje sett det beste av han

Mauseth skulle likevel ynskje at Mame kunne ha vore i Molde nokre år til.

- Mame er ein spelar som framleis utviklar seg. Vi har ikkje sett det beste av han enno. Hadde han vorte i Molde i 2-3 år til, så hadde både han og laget utvikla seg i ei enno meir positiv retning. Men det er no kjøp og sal i fotballverda. Og vi har eit innmari bra lag likevel.