NRK Meny
Normal

– Mykje røyk gjorde det vanskeleg for oss å hjelpe med evakueringa

Han var ein av dei første som kom fram til det brennande hurtigruteskipet Nordlys. Med hurtiggåande båt kom han opp til skipssida. Men mykje røyk inne i skipet gjorde at passasjerane ikkje kom seg fram til redningsmannen.

Even Nygård

Redningsmann Even Nygård var blant dei første som kom fram til hurtigruta Nordlys.

Foto: NRK

Even Nygård driv vaktselskap og arbeider som redningsmann i Ålesund. Ved ei rekkje dramatiske situasjoner har Even Nygård assistert både politiet og brannvesenet. Torsdag morgon sto han og såg hurtigruta kome inn mot Ålesund. Brått såg han røyken stige opp.

– Vi såg hurtigruta kome mot Ålesund rett nord for Tueneset. Plutseleg såg vi mykje røyk kome ut av skorsteinen. Eg sto saman med ein frå hamnevesenet. Vi skjønte straks at dette måtte vere brann. På VHF høyrde vi at kapteinen på hurtigruta kalte på redningsskøyta og ba om at dei måtte kome med alt tilgjengeleg materiell, seier Even Nygård.

Kunne ikkje opne lukene

Even Nygård skjønte straks at det var ein akutt situasjon som var i ferd med å utvikle seg. Samtidig med at redningsskøyta gjekk ut, hadde han fått tak i hurtiggåande RIB-båtar, og gjekk ut for å assistere.

– Redningsskøyta gjekk ut for full maskin. Vi fekk tak i to hurtiggåande RIB-båtar. Desse båtane kan ta femti personar, og vi reiste ut med dei. Men det var så mykje røyk der at dei ikkje kunne opne lukene ved vasslinja, fortel Nygård.

Video BRANN PÅ HURTIGRUTA NORDLYS

BRANN PÅ HURTIGRUTA NORDLYS

Såg skadde bli evakuert

På dette tidspunktet var det uklart kor store skadane var, både på skipet og på dei ombord. Seinare er det stadfesta av mange er sende til sjukehus og det er også stadfesta omkomne.

– Vi såg dei evakuerte skadde folk frå maskinrommet. Desse vart frakta i land. Den eine var skadd. Han gjekk sjølv. Eg såg han hadde bandasje.

På dette tidspunktet var det mykje røyk i båten?

– Ja. Vi reagerte på at at dei ikkje opna lukene slik at vi kunne hjelpe til med evakueringa. Men passasjerane kom seg rett og slett ikkje ned på grunn av all røyken, seier Nygård.