Hopp til innhold

- Rot med fakturering av bompengar

Brukarar av Sykkylvsbrua vil ha slutt på det dei meiner er rot med fakturering og betalingssystem. No har dei sett igang ein aksjon for å få endra innkrevinga av bompengane.

Sykkylvsbrua og Ekornes
Foto: Odd Sørås / NRK

Faktureringsrot og vanskeleg system gjer at aksjonistane vil ha innkrevjinga tilbake til Sykkylvsbrua sjølv, seier Sandra Sandmo.

Ho står bak underskriftsaksjonen som denne veka vart starta på internett.

- Bakrunnen er feil på mange faktura som er utskrive og styr med betalingsbrikker og andre ting. Veldig mange er misfornøgde og ønskjer at vi skal starte kampanje for å få Sykkylvsbrua til å ta tilbake drifta.

I løpet av det første døgnet fekk aksjonen over 100 underskrifter. I tillegg har ei gruppe på nettsamfunnet Facebook fått inn fleire klager frå folk som køyrer brua.

Bompengeprosjekt raskt nedbetalt

Slutt på bompengar i oktober

Selskapet Sykkylvsbrua AS kjenner til problemet, seier styreleiar Rune Rokstad. Han har fått med seg at folk ønskjer endring i betalingssystemet, og han seier det er håp. For styret i selskapet ønskjer også å endre på systemet neste gong systemet skal ut på anbod.

- Ingenting ville glede meg og andre i Sykkylvsbrua meir enn at vi hadde eit system som fungerte 100 prosent, seier Rokstad.

Det vil dei få til ved å få inn eit heilautomatisk betalingssystem, der alle får tilsendt faktura etter passering.

Krev bompengefri kollektivtransport

Motvilje mot bompenger i byene

Denne endringa kjem godt med, seier dagleg leiar Oddveig Kiperberg i Vegamot som driv betalingssystemet på brua.

- Fleire av anlegga som vi driftar har gjort dei same endringane dei siste åra. Dette er veldig positivt både for trafikkantane, driftsoperatørane og bompengeselskapa, seier Kiperberg.

Og ei endring må til, meiner Sandra Sandmo som no har starta aksjonen. For mange har opplevd problem, seier ho.

- Eg har møtt veldig mange som har hatt problem og dette har begynt å gå folk litt på nervane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL