Hopp til innhold

- Riksveg 70 er taparen

RV 70 kan bli den store taparen utan ei samla prioritering av stamvegane, meiner Senterpartiets Kristin Sørheim.

Kristin Sørheim

- Nordmøre og RV 70 er taparen, meiner Kristin Sørheim.

Foto: Picasa 2.7

Fylkesutvalget i Møre og Romsdal er splitta om ei samla prioritering av stamvegar i fylket i høyringa til Nasjonal Transportplan.

Fleirtalet med Frp, Høgre, Krf og Sunnmørslista sa nei til å sette opp ei slik samla prioritering.

Alt går til E 136

Mindretalet ville løfte fram Riksveg 70 på Nordmøre mellom Tingvoll og Meisingset.

Kristin Sørheim seier at når ikkje fleirtalet ville vere på ei prioritering av stamvegane, så rykker stamvegane på Nordmøre – både E39 og RV 70 - langt nedover på lista og ut i tid.

Dermed vil all fokus og alle statsmidlane gå til E 136 mellom Ålesund og Oppland grense, trur Sørheim.

Mindretallet med eit fellesforslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Venstre, nådde altså ikke fram med å lage ei samla prioritering.

Denne prioriteringa plasserte RV 70 Tingvoll Meisingset på tredjeplass bak E136 Måndalen-Våge-Tresfjordbrua og strekninga øvst i Romsdalen.

Svein Atle Roseth

- Vi har løfta RV 70, meiner Svein Atle Roseth (KrF)

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal, Picasa 2.0

RV 70 blir stamveg

KrFs Svein Atle Roset avviser kritikken om at dei skyver riksveg 70 ut i det blå.

Han meiner tvert i mot at dei har løfta fram RV 70 ved å peike på vegen som ei ny stamvegrute – stamveg nr. 25.

- Da skal RV 70 få ein heilskapleg opprusting som stamveg. No er det tydelegare sagt at skal vere er ein stamveg, seier Roseth.