NRK Meny
Normal

- Rett dame på rett stad

Ingjerd Egeberg skal spele Fru Guri.

Ingjerd Egeberg
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

23. juli går oppsettinga av «Fru Guri av Edøy» av stabelen på Smøla.

Handlinga i spelet går føre seg i Kong Sverres tid på slutten av 1100-talet. Der møter ein Fru Guri og folket på garden hennar.

- Blir ei flott Guri

Produksjonsleiar Endre Skar er godt nøgd med at det er Ingjerd Egeberg som skal kle hovudrolla. Egeberg er ein mykje brukt skodespelar og har hatt ei rekkje roller både på teaterscena og i film. Til dagleg er ho tilsett ved Nationaltheatret i Oslo.

- Vi har fått rett dame på rett stad, ho blir ei flott Guri, seier Skar.

Amatørar og profesjonelle

I alt fem profesjonelle skodespelarar har blitt henta inn til spelet. Ved sidan av Egeberg er det Svein Solenes, Audun Sandem, Ingunn Øyen og Randolf Walderhaug.

Desse skal samarbeide med omlag 70 amatørar frå Smøla og Nordmøre. Dei begynner å øve saman 11 juli.