Ifølgje fleire studiar har kvinner som bur nær høgspentleidningar, ein auka risiko for brystkreft, og i Nesset er det stor lokal motstand mot Statnett sine planar.
Men på eit skriftleg spørsmål frå SV viser regjeringa til ein rapport der det ikkje er påvist auka risiko.
Dette er for passivt, meiner Jacobsen. - Når olje- og energiminister Einar Steensnæs fekk vite at nye studiar viser at det er skadeleg å bu nær kraftleidningar, burde han ta det på alvor og innføre eit midlertidig forbod mot bygging av linjer i lufta.