-Eit løftebrot
- Eit løftebrot, seier distriktsrepresentant for Huseierens Landsforbund på Nordmøre, Eivind Sylthe.
Sylthe meiner Høgre og ordførar Dagfinn Ripnes bryt med dei signala som er git tidlegare.
Huseigarane i Kristiansund betalar i dag 6,7 promille av taksten på eigedomen i skatt. Dette har rådmannen foreslått å auke til sju promille.
Vidare er det foreslått å auke takstane som ikkje har vore justert sidan 1987. Det vil i så fall føre til ei dobling av eigedsomskatten i Kristiansund.
-Lettvint
- Vi ser det som svært lettvint å berre føre dei økonomiske problema over på huseigarane, seier Sylthe.
- Når ordføraren snakkar om dugnad burde ein heller foreslå ting som involverer alle innbyggjarane likt, meiner Sylthe.
Ein auke i skatten er ei kinkig sak for Høgre som er prinsipielt i mot. Ordførar Dagfinn Ripnes vil difor ikkje godta den auken som rådmannen legg opp til.
Truleg auke
Ordførar Dagfinn Ripnes(H).
- Ei dobling blir for tøft, men vi kan ikkje utelukke at eiegdomsskatten kan gå noko opp, seier Ripnes.
Den endelege avgjerda om korleis kommunen skal spare inn 35 millionar kroner vert fatta i bystyret den 21. desember. Innan den tid er alt ope.