- Prestetilsetjinga er tragisk

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet meiner det er tragisk at den første samlevande lesbiske presten har fått tilbod om jobb i Møre bispedømme.

Erik Furnes

Generalsekretær Erik Furnes trur utviklinga i kyrkja held fram.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Møre bispedømme blir gjerne rekna for å vere av dei mest konservative, og onsdag gjorde bispedømmerådet eit historisk vedtak. Då fekk Hanne Marie Pedersen-Eriksen (27) tilbod om jobb som prest i Sandøy. Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet meiner situasjonen er tragisk.

Tekstmelding frå biskop Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme stadfestar overfor NRK at ho får meldingar om å hamne i helvete som følgje av homofilisynet sitt.

Foto: Skjermdump

Dette er i strid med Bibelen, det er klare bibeltekstar om dette, seier Furnes.

Hatmailar om helvete

Også biskop Ingeborg Midttømme argumenterer med Bibelen når ho avviser å ordinere den lesbiske, gifteklare presten. Dette har vekt stor merksemd dei siste dagane, og medan presten har fått massiv støtte, seier Ingeborg Midttømme til avisa Dagen fredag ettermiddag at ho har fått hatmailar med beskjed om at ho skal til helvete.

Øystein Engås

Øystein Engås i Misjonssambandet seier til NRK at han støttar biskop Ingeborg Midttømme.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Også Øystein Engås som er leiar for Misjonssambandet i Noreg seier han støttar Midttømme og hennar syn.

– Ja, eg er samd med henne. Eg kunne sjølvsagt velje å ikkje forholde meg til dette, men slik som eg les Bibelen er eg samd, seier Engås.

Han seier at den som les Bibelen kan risikere å seie upopulære ting.

– Lite å diskutere

Furnes seier harde tilbakemeldingar er ein del av det å vere leiar, og seier, som Midttømme, at det viser kor mange sterke kjensler spørsmålet reiser. Like fullt meiner han at saka eigentleg ikkje er eigna for debatt.

– Det burde eigentleg ikkje vere så mykje å diskutere. Ein kan ikkje vere ei sann kirsten kyrkje og så handle i strid med Guds ord, seier han.

Men er du så sikker på at du har rett?

Ja, ei luthersk kyrkje må byggje på Skrifta, ikkje tradisjon, seier han.

Trur ikkje utviklinga snur no

Hanne Marie Pedersen-Eriksen skal bruke helga til å tenkje ut om ho skal seie ja til jobben som prest i Sandøy. Uansett har bispedømmerådet gjort eit historisk vedtak, og biskopen har fått avklart at ho ikkje kan nekte andre biskopar å ordinere ein sambuande, lesbisk prest. Furnes seier lite tyder på at utviklinga i kyrkja snur.

Det skjer ikkje utan at det kjem ei vekking blant leiarane, der dei innser at det er Bibelen som må gjelde, seier han.