NRK Meny
Normal

- PC-val aukar interessa for fylkestingsvalet

Forsøket med å stemme via eigen PC ser ut til å auke interessa for fylkestingsvalet. I Ålesund stemmer nesten like mange ved fylkestingsvalet som ved kommunevalet.

Elektronisk stemmegiving

I ti kommunar kan innbyggjarane stemme heime, via internettet.

Foto: Anne Storaunet / NRK

I 10 norske kommunar kan innbyggjarane stemme via sin eigen PC ved kommune- og fylkestingsvalet. Dette gjeld i kommunane Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund.

Der stemminga går føre seg på vanleg måte, i stemmelokale, har kommunevalet tradisjonelt hatt større oppslutnad enn fylkestingsvalet. Ser ein imidlertid på stemmene som har kome inn ved PC-valet i Ålesund, er oppslutnaden om fylkestingsvalet nesten like stort som ved kommunevalet.

– Valdeltakinga aukar

I Ålesund har 1050 innbyggjarar røysta ved fylkestingsvalet. Det er berre 50 færre enn ved kommunevalet.

Tore Hals

Tore Hals er bysekretær i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette kan tyde på at PC-forsøket fører til at fylkestingsvalet får høgare valdeltaking. Men vi er tidleg i fasen enno. Men det verkar som om dei som stemmer på internettet tykkjer det er greitt å stemme på begge vala, seier bysekretær i Ålesund, Tore Hals.

– Opplegget må vere bra

Kristine Svendsen i Møre og Romsdal fylkeskommune tykkjer dette er oppløftande tal.

– Eg er veldig nøgd med at fylkestingsvalet held følgje. Vi kunne jo frykte at veljarane ikkje gjekk vidare til fylket når dei var ferdige med kommuneval-applikasjonen. Men opplegget for e-valet er tydelegvis bra, seier Kristine Svendsen.

Hadde du frykta at veljarane skulle kome til å droppe fylkestingsvalet?

– Eg frykta det, ja. Og det var jo det verste ein kunne tenkje seg for fylkestinget, seier Svendsen.

– Folk tykkjer det er enkelt

Det er for tidleg å drage nokon konklusjonar enno, men mykje tyder på at brukarane opplever elektronisk val som enkelt, og at det dermed ligg svært godt til rette for å halde fram til fylkestingsvalet når kommunevalet er unnagjort.

– Det kan virke som om folk tykkjer det er enkelt og komfortabelt å stemme elektronisk. Kanskje folk tykkjer at kommunevalet blei så enkelt og artig at dei bestemmer seg for å ta fylkestingsvalet i same slengen, seier Tore Hals.