NRK Meny
Normal

- På det mest intense no

Gravinga og bygginga i Ulsteinvik sentrum er no på det mest intense, men om eit par månader skal heile hovudgata vere ferdig. Det er det mange som gler seg til.

Kaos i Ulsteinvik sentrum

Men sjølv om det har vore over eitt år med bygging av ny hovudgate i tillegg til bygging av ny "bydel" heilt ved sjøkanten, er folk flest overraskande positive til det som skjer.

Årsaka er truleg at dei ser kor bra det kjem til å sjå ut når det er ferdig. Den første delen av hovudgata, nærast hotellet, har vore ope ei stund. Arbeidet som skjer no er i området nærast Ulstein rådhus.

Kaos i Ulsteinvik sentrum

Kaos i Ulsteinvik sentrum.

Foto: Arne Flatin / NRK

Intenst no

Her er det på det mest intense akkurat no seier ordførar Jan Berset (H). Han trur, som dei fleste andre, at resultatet til slutt vert veldig bra.

Les også:

www.nrk.no/mr/miljogate-delvis-opna-i-ulsteinvik-1.11723468

Ikkje mange har lenger butikk rett ved sida av hovudgata. Ein av dei er Terje Hatløy i Hatløy's Målarforretning. Vanlegvis parkerer kundane rett utanfor butikken. No er det berre eit stort hol i vegen, ein halv meter frå butikkveggen.

Trass dette er Hatløy positiv.

- Vi bur i ein by, då må vi rekne med slikt, seier han. Han klagar ikkje, sjølv om han nok merkar ein svikt i omsetnaden i denne perioden når det står på som verst.

Butikken hans er snart den einaste som har parkeringsplassar rett ved sida av hovudvegen gjennom Ulsteinvik sentrum. Normalt har det vore plass til fem bilar ein meter frå butikken. No kjem ikkje kundane så lett til, og dermed minkar omsetnaden.

Terje Hatløy og ordførar Jan Berset

God tone mellom Terje Hatløy og ordførar Jan Berset

Foto: Arne Flatin / NRK