- På æra laus

AaFK-keeper Sten Grytebust var skuffa rett etter 6-0 tapet for AZ Alkmaar torsdag kveld.

Ein skuffa Sten Grytebust

Skuffa Grytebust

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK-keeperen kan vel ikkje lastast direkte for scoringane, og hadde fleire fantomredningar både før og etter pause. Det er uansett ei fattig trøyst når det vert seks baklengsmål til slutt.

Slik var kampen

AaFK sjanselause

Trass i at AaFK vann 2-1 over nederlandske AZ Alkmaar på heimebane, fekk draumen om spel i Europaligaen ein brå slutt i returoppgjeret torsdag.

- Eg kan ikkje stå her og seie at vi kan vere stolte. Når vi slepp inn seks mål har det litt med ære å gjere. Om vi hadde tapt med to tre mål hadde det vore greit, då er dei betre enn oss, men vi må klare å halde igjen, sa ein skuffa Sten Grytebust etter kampen.

Kent Bergersen etter kampen

Skuffa Bergersen

Foto: Arne Flatin / NRK

Både han og trenar Kent Bergersen legg vekt på at AZ er eit veldig godt lag. Bergersen meiner alt for mange av spelarane ikkje spelte opp mot sitt beste, og at valet av formasjon ikkje hadde noko med utfallet å gjere.

- Eg er veldig skuffa over prestasjonane. Altfor mange er ikkje i nærheita av å kome opp på sitt beste nivå, og då vert vi avkledde.

Les óg:

- Vi miste trua på at det kunne gå

Å få 1-0 i mot alt etter seks minutt gjer også alt så mykje vanskelegare. Då stod svenske Pontus Wernbloom opressa på femmeteren, og kunne sette inn ballen etter eit hjørnespark frå Rasmus Elm.

- Det var sjølvsagt ein uheldig start, og då skjer det sikkert noko oppe i hovudet til spelarane allereie. Negative tankar gjer at dei misser sjølvtillit og misser trua på at det kan gå, sa Kent Bergersen torsdag.

- For at vi skulle hatt sjanse her i dag måtte vi ha kome unna første omgang med eit heiderleg resultat slik at AZ Alkmaar vart frustrerte. Men slik gjekk det ikkje. Når dei i tillegg får eit mål i byrjinga av andre omgang, er løpet nærare køyrd.

- Dette har absolutt gitt meirsmak

Ni minutt ut i andre omgang sette nemleg Maarten Martens inn mål nummer tre.

Etter mål nummer fire, vart Demar Phillips utvist etter å ha dulte bort i Wernbloom, og det gjorde ikkje kampen noko enklare for AaFK. Mål nummer fem kjem etter at Brett Holman kjem åleine mot keeper Sten Grytebust, kjippar ballen over han og i mål.

Alkmaars Pontus Wernbloom

Alkmaar sin Pontus Wernbloom kan juble, medan Aalesund-spelarane konstaterer at dei var fleire hakk for små.

Foto: Robin van Lonkhuijsen / Reuters

- Mange rundt AaFK tenkjer nok at det er bra vi har fått åtte kampar ute i Europa, men vi spelarane vil gå heile vegen. Sjølv om vi er komne så langt er vi forferdeleg skuffa no, seier Grytebust.

Eitt minutt før slutt avslutta AZ Alkmaar scoringsfesten med 6-0 etter straffemål av Niklas Moisander.

- Dette har absolutt gitt meirsmak. Det er denne arenaen du må på om du skal lære og ta steget vidare. Sjølv om det ikkje gjekk bra i dag, så ser vi kva vi har å strekkje oss etter.

AaFK sin kaptein, Daniel Arnefjord rett etter kampen

Daniel Arnefjord, AaFK sin kaptein (kvit drakt) rett etter kampen saman med bl.a AZ-spelarar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Klubbdirektør Henrik Hoff seier kampane i sommar har gitt meirsmak og han vil gjerne ha meir av dette. Den beste måten å kvalifisere seg til neste års Europacup på er å vinne cupfinalen. AaFK møter Start i semifinalen 22.september.