Hopp til innhold

- Ørsta stel frå ungane

Ørsta kommune droppar ordninga med gratis frukt til skuleelevane. Dette skjer sjølv om skulefrukt er lovpålagt, og vedtaket skaper reaksjonar.

Video nsps_upload_2009_5_5_20_32_36_20.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bjørn Jacobsen
Foto: Trond Vestre / NRK

Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen meiner Ørsta kommune stel frå ungane når dei droppar ordninga med skulefrukt.

No krev Fylkesmannen ei forklaring på kvifor Ørsta legg ned ordninga.

Kuttar frukt - aukar løn

Det er avisa VG som tek opp saka i dag. Skulebarna i Ørsta blir fråtekne den lovpålagde skulefruktordninga. Samstundes får ordføraren og rådmannen 200.000 kroner kvar i lønsauke, skriv avisa.

Steling

Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen nølar ikkje med å kalle vedtaket i Ørsta for steling. - Vi veit alle saman at det er stygt å stele. Og det er spesielt stygt å stele frå ungar. Den frukta dei skal ha midt på dagen den skal de framleis ha. Dette skal ikkje politikarane stele frå dei, seier Jacobsen.

Stopper skolefrukt i Ørsta

Pålagt oppgåve

Skulefrukt er ei pålagt oppgåve. Stortinget har også gitt pengar til kommunane til formålet. - Kommunane har fått pengar frå Stortinget. Dette er nasjonal politikk. Det er ille at kommunen brukar pengar dei har fått til eitt formål til noko heilt anna. Eg skal ikkje legge meg opp i kor mykje løn ordføraren og rådmannen skal ha. Men å stjele frå ungane, det heng ikkje i hop, seier Jacobsen.

Ikkje mislukka

Bjørn Jacobsen avviser at ordninga med skulefrukt har vore mislukka.

- Der har nok vore problem under vegs. Men eg synest vi skal legge merke til at i Møre og Romsdal har vi til og med fått til ei ordning med økologisk skulefrukt. 55 skular får no økologisk skulefrukt, det beste av det beste. Men når det gjeld Ørsta har vi altså problem med å få den konvensjonelle fruktordninga til å fungere, seier Jacobsen.