Hopp til innhold

- Nye reglar må komme

Leiinga i Bourbon Offshore trur det kjem nye reglar for godkjenning av ankerhandteringsfarty.

Bourbon Dolphin

Bourbon Dolphin

Foto: BOURBON OFFSHORE NORWAY AS / AFP

Administrerande direktør i Bourbon offshore, Trond Myklebust.

Trond Myklebust

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Administrerande direktør Trond Myklebust seier at det i dag ikkje finst spesifikke krav til godkjenning av desse fartya. Han trur forliset vest for Shetland i april kjem til å endre på det.

Innstramming

- I dag står alle verft og designarar fritt til å bruke dei føresetnadene dei vil.  Det gjeld alle båtar, ikkje spesielt Bourbon Dolphin. Her bør det innstrammast og regulerast strengare, seier Myklebust.

 

 

 

Kåre Bjørn Våge

Kåre Bjørn Våge

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Spel med ord

- Eg synest spørsmålet om designen av Bourbon Dolphin var god nok eller ei, blir eit spel med ord, seier Kåre Bjørn Våge som representerer dei pårørande. - Dei tilfredsstiller berre minimumskrava som Sjøfartsdirektoratet set og knapt nok det, ikkje krava til ein god ankerhandteringsbåt slik som Ulstein skulle vere opptekne av å selje. - Det har eg hatt mistanke om, eg er ikkje overraska over det eg har høyrt i dag, seier han.

 

 

Les flere Bourbon Dolphin-saker her:

  Ekspert-skepsis til Bourbon Dolphin

Stabiliteten blei grundig sjekka

- Ingenting gale med designet

Siste høyring om Bourbon Dolphin