Hopp til innhold

- Ny kvardag med Stad skipstunnel

Forkjemparane meiner det no er få hinder for Stad skipstunnel skal bli ein realitet. Prosjektet som tok form for 25 år sidan har hatt mange opp- og nedturar, men no ser det ut til å vere både pengar og vilje til å bygge tunnelen gjennom Stadhalvøya.


Stad skipstunnel
Foto: Nordwest 3D/Stad skipstunnel

Rolf Domstein

Rolf Domstein i prosjektgruppa har tru på ein snarleg byggestart.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Torsdag kveld var det duka for konferanse om tunnelprosjektet.

Den planlagde 1700 meter lange tunnelen gjennom Stadhalvøya skal kunne ta det aller meste av gods- og passasjertrafikk forbi det vêrutsette Stadhavet på ein tryggare måte. Og etter mange år med utgreiingar er trua på byggestart større enn nokon gong.

– Eg opplever stor støtte og velvilje frå alle, seier Rolf Domstein i prosjektgruppa for tunnelen. – Det vi treng no er politiske avklaringar om når bygginga kan starte, men då ser eg ikkje andre hinder.

Domstein seier det var få som trudde på prosjektet då den kom opp for 25 år sidan.

– Men i dag verkar som om dei fleste trur tunnelen blir bygd, spørsmålet er berre om det blir om fem eller sju år.

Håper på byggjestart i 2018

Containerskip i Stad skipstunnel
Foto: Nordwest 3D / Stad skipstunnell

Det er sett av ein milliard kroner i Nasjonal transportplan, og forkjemparane håper no på byggjestart i 2018. Domstein seier engasjementet langs kysten har vore viktig for å halde saka levande gjennom så lang tid.

– Det er mange som har engasjert seg og som har brukt mykje tid og krefter på dette gjennom mange år. Men det var nok først då fleire såg at dette først og fremst handlar om tryggleik, om å verne liv og eigedom, at planane skaut fart, seier han.

I tillegg til tryggleiken viser Domstein til behovet for ein samanhengande transportkorridor langs kysten.

– Det er viktig å få flytta gods over på sjø, og der er Stad skipstunnel i dag ein «missing link».

– Viktig med eldsjeler

Jon Aasen

Fylkesordførar i Møre og Romsdal meiner engasjementet har vore viktig.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, legg vekt på innsatsen til dei mange som har kjempa for prosjektet gjennom mange år. Som tidlegare ordførar i Vanylven er han godt kjent med motstanden som har vore.

– Det har vore frustrerande, fordi alle har vore samde om at dette er eit godt prosjekt. Vi har opplevd at mange har klappa oss på ryggen, men ingenting har skjedd. No er det inne i eit godt spor, det er sett av pengar. No ser vi at Stad skipstunnel faktisk kjem, seier Aasen.

– Selje og Vanylven har vore sta og brukt både pengar og krefter på dette gjennom mange år. Her er det mange som har halde liv i prosjektet gjennom motgang, og utan dei hadde vi ikkje vore der vi er i dag.

Trur tunnelen vil gi ein ny kvardag

Glen Bradley

Glen Bradley i brønnbåtselskapet Rostein trur tunnelen blir viktig for fleire næringar.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Skipstunnelen gjennom Stadlandet vil skape ein heilt ny kvardag for dei som i dag trafikkere Stadhavet, seier Glen Bradley.

Han er viseadministrerande direktør i brønnbåtselskapet Rostein på Harøya. Båtane deira fraktar laks over Stadhavet om lag tre gongar om dagen.

– Det vil bli ei veldig stor forbetring av kvardagen for oss. Det gjeld både for dei tilsette, for fisken vi fraktar og for kundane våre.

Bradley seier dei i dag brukar alt frå to timar til nesten eitt døgn på å passere Stad, alt etter vêret. Han trur det vil ha stor verdi for dei å bli mindre vêravhengige enn dei er i dag og meiner det vil gi ringverknader for fleire.

– For oss betyr det at vi kan jobbe meir effektivt og for kundane betyr det at dei kan få ned produksjonskostnaden på laks. For oppdrettsnæringa elles betyr det at dei kan bruke fleire av dei mindre båtane som i dag ikkje kan passere Stad.

– Vi gler oss veldig og kjem til å vere blant dei første som tar tunnelen i bruk, seier Bradley.

Nordwest 3D har laga denne videoen i 2014.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL