Hopp til innhold

- Ny epoke for Raumabanen

NSB-sjefen har store forhåpningar til Raumabanen.

Konserndirektør i NSB, Einar Enger

Konsernsjef i NSB, Einar Enger, under opninga søndag.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Med låg fart og guiding på norsk, engelsk og tysk vil konsernsjef Einar Enger i NSB gjere Raumabanen til ein turistatraksjon.

- Alt ligg til rette

Med stupbratte fjellsider og fossefall meiner han strekninga har det som skal til for å greie dette.

– Her er ein imponerande natur med variert landskap. No er siktemålet å få flest mogleg turistar til å ta banen. Det meiner eg alt ligg til rette for.

Begeistra ordførar

Ordførar i Rauma, Torbjørn Rødstøl

Ordførar Torbjørn Rødstøl i Rauma kommune er glad for NSB si satsing på Raumabanen.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Ordførar i Rauma, Torbjørn Rødstøl, synest satsinga er svært spennande. Han trur dette vil bety svært mykje for reiselivet kommunen.

– Eg trur det ligg eit stort potensiale i satsinga. Vi er van med store turiststraumar gjennom Rauma, men eg trur dette vil auke turistmengda betrakteleg.