NRK Meny
Normal

- Nikka er vår viktigaste merkevare

Norddal-ordførar Arne Sandnes meiner Nikka har blitt ein unik og viktig merkevare for kommunen.

Ordførar Arne Sandnes og Nikka

Ordførar Arne Sandnes har berre godord å kome med om 100-åringen Nikka.

Foto: Sissel Brunstad

Laurdag feira Nikka Myren Grønning 100 årsdagen sin med storfest på Juvet landskapshotell.

Gjennom NRK og sosiale media har over eitt tusen personar gratulert Nikka med dagen. Og det er gjennom fleire opptredenar i tv- og radio-innslag mange har blitt kjent med den populære dama. Mange set stor pris på den gode låtten og kvardagstankane hennar.

Har sett Norddal på kartet

– Ho er ei merkevare, eit fyrtårn, ein kjendis og eit godt menneske på alle måtar, seier ordføraren.

Arne Sandnes sparar ikkje på godorda når han er med og feirar 100-åringen. Han meiner Nikka har sett kommunen på kartet på ein god måte.

– Nikka konkurrerer med Valldal-bæra om å vere vårt fremste fyrtårn. Samtidig er ho ei inspirasjonskjelde for nye slekter.

Elde dame ved kjøkkenbenken

Laurdag var Nikka i finstasen, men det er ved kjøkkenbenken vi har sett henne oftast.

Foto: Sissel Brunstad / NRK