Bakgrunnen er at Gildedirektør Vidar Kallevik i går sa at dei ribbar anlegget før sal og at dei ikkje sel til konkurrentar.
Gir ikkje opp
Talsmann for bøndene som vil kjøpe det nedlagde slakteriet og starte ny verksemd, Oddvar Valle, seier dei står på vidare i kampen om slakteriet. Han er ikkje overraska over at Gilde nok ein gong utset salet - det viser at dei ikkje er til å stole på, seier Valle.

Oddvar Valle seier bøndene står på for å kjøpe det nedlagte slakteriet. Foto: Gunnar Sandvik
Har pengar
Gilde seier dei vil gjere det beste for bøndene og samstundes ha mest mogleg for anlegget, Da burde bøndene som vil ha det til slakteri og som vil betale godt for det, få kjøpe det, meiner Oddvar Valle.
Bøndene har for lengst lagt inn bud på slakteriet og finansiering har så langt ikkje vore noko problem,seier Valle.
Ventelister
No i haust har Gilde fått eit problem med slakting i Ålesund og det er blitt ventelister, seier Valle.
- Dei greier ikkje å oppfylle bøndene sine krav og også med ferdigvarer er det store problem med å ekspedere dei både i Møre og Romsdal og Trøndelag, hevdar Oddvar Valle.