Administrerande direktør i møbelkonsernet Ekornes i Sykkylven, Nils Fredrik Drabløs, seier det ikkje er noko som tyder på at det er kjøpefest i landet.
Nedgang
- I første kvartal har det vore ein nedgang i salet av møblar i forhold til same tid i fjor, seier Drabløs til NRK Møre og Romsdal. Nedgangen har vore på 10 til 12 prosent. Det virkar ikkje som det er vekst på dette området,snarare tvert imot, seier han.

Nils Fredrik Drabløs. Administrerande direktør, Ekornes. Foto: Scanpix.
Ein renteoppgang vil føre til ytterlegare styrking av kronekursen i forhold til utanlandsk valuta, og dermed til
tøffare konkurranse for eksportbedriftene.
Vassar ikkje i pengar
Møbelbransjen er ein god indikator på pengestraumen i husholdningane. Har folk mykje pengar går det godt for bransjen. Ein nedgang i møbelsalet her i landet peikar difor i retning av at folk ikkje strør om seg med pengar trass låg rente.
Sjølv om den norske industrien går godt for tida, er det lågkonjunktur elles i Europa. Tyskland, Frankrike og Storbritania er alle store marknader for norske møblar og marknaden er vanskeleg fortida.

Hovudkontoret til Ekornes i Sykkylven. Foto: NRK.
Usikker marknad
- Det er slik at folk i enkelte marknader har kjøpekraft, men let vere å bruke pengar fordi dei kjenner seg utrygge. Skal vi bli nøydde til å heve prisane i slike marknader under slike forhold, vil dette gå ut over sysselsettinga her heime, seier Drabløs.
Uheldig med renteoppgang
Også møbelkonsernet Hjellegjerde merkar lågkonjunkturen i EU. Administreande direktør Eldar Eilertsen, seier til NRK at ein renteoppgang vil vere svært uheldig for bransjen og arbeidsplassar. Også han deler synet om at krona for tida er sterk i forhold til utanlandske valutaer.
Begge møbelprodusentane er klare i sitt råd i forkant av rentemøtet på torsdag. - Renta bør i beste fall haldast på det nivået ho er på i dag, og endå meir realistisk ville det vere å senke renta, seier Drabløs.