Randi Tøvik i støttegruppa for ein albansk familie som sit i kyrkjeasyl i Tingvoll, har bede kommunalministeren vurdere dette.
Stassekretær Kristin Ørmen Johnsen seier ei slik ordning er urettferdig for dei som reiser heim etter avslag på asylsøknaden.
Familien Kajolli
Familien Kajolli
Randi Tøvik i Tingvoll har jobba for at familien Kajolli frå Albania skal få opphaldsløyve i Noreg.
Dei kan kalle seg kyrkjeasylantar på tredje året, og dette er inga god løysing meiner Tøvik.
Difor har ho bede både statsministeren, barne- og familiemininsteren og kommunalministeren om å sette fri alle kyrkjeasylantar i påvente av at klagene på avslaga endeleg blir avgjort.
Forslaget avvist
Men svaret frå kommunaldepartementet kan ikkje misforståast - forslaget blir blankt avvist.
Kommunaldepartementet vil ikkje overprøve vedtak i utlendingsnemnda, og krev at asylsøkarar som har fått avslag reiser heim i påvente av at saka blir behandla på nytt.
Makteslaus
Randi Tøvik føler seg makteslaus etter å ha fått svaret.
Stortinget har bestemt at det er utlendingsnemnda som endeleg avgjer asylsøknader som har blitt påklaga.
Tøvik meiner politikarane med dette skuvar ansvaret over på andre.