NRK Meny
Normal

- Natta har vore veldig travel

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug i Sunnmøre politidistrikt fortel om ei helg utanom det vanlege.

Leif Arne Valderhaug

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

- Det har vore ei travel natt for politiet på Sunnmøre, fortel operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug til NRK.

- Det har vore spesielt mykje tull i Ørsta.

Tjuveri og festbråk

På Sunnmøre er 12 personar sett i arresten i løpet av natta. I Nordmøre og Romsdal politidistrikt har ikkje natta vore stort betre.

19.05: Ein mopedførar vart sendt med ambulanse til legevakta etter ei mopedulykke i Sula. Han miste truleg kontrollen over mopeden på ein fartshump og ramla av.

21.17: Politiet pågreip to personar på Nordlandet i Kristiansund då dei var i ferd med å stele utstyr frå ein arbeidsplass. Vidare undersøkingar viste at den eine hadde køyrd i rusa tilstand og begge hadde mindre mengder narkotika på seg. Begge vart tekne med til politistasjonen for avhøyr.

22.44: Politiet fekk klage på festbråk på Hjelset.

22.46: Politiet fekk klage på musikkstøy frå ei leilegheit på Sunndalsøra.

00.30: Politiet måtte roe gemytta til minst to personar i Tjørvåg i Herøy. Der oppstod det ein slåstkamp på ein privatfest. Politiet måtte køyre ei jente heim til foreldra sine.

Slåstkamp og tullkøyring

00:47: Ein drosjesjåfør i Molde meldte at ein passasjer hadde sparka inn ein bulk i drosjebilen. Sjåføren vil melde hendinga.

00.57: Politiet fekk melding om nokon som tullkøyrde med ein uregistrert bil ved ein bensingstasjon i Ørsta.

01.20: Budne og ubudne gjestar laga uro og bråk på ei lukka tilstelling på forsamlingshuset på Nerås i Vestnes.

01.25: Ein person måtte køyrast til legevakta av politiet etter ein slåsskamp i Ørsta sentrum. Personen hadde vorte sparka og slått. Begge dei involverte vart sett i arresten.

01.29: Politiet hjelpte ein overstadig rusa mann heim i Ålesund.

Vill biltur i Ørsta

02.31: To menn vart sett i arresten etter ei valdsepisode på ein utestad i Molde. To andre vart køyrd til sjukehus for legebehandling.

02.40: Ein mann vart sett i arresten i Ålesund etter å ha oppført seg trøblete. Han nekta å oppgi namnet sitt til politiet, og sparka og spytta etter ein tenestemann.

02.43: Ein bilførar i Ørsta køyrde på bilar, busskur skilt og gjennom euin vettskremd saueflokk

02.48: Politiet fekk melding om slåsting i Ålesund sentrum. Ifølge personen som ringte inn var det to utanlandske menn som hadde gått laus på fleire personar. Ingen vart alvorleg skadd, og ingen ville melde forholdet. Politiet fann ikkje ut kven gjerningspersonane var.

02.49: Politiet i Kristiansund tok hand om ein mann som blei nekta å kome inn på ein utestad i Kristiansund. Mannen hadd kutt i panna og vart køyrd til sjukehuset.

02.51: Ei kvinne sparka bulk i ein politibil i Kristiansund.

02.57: Politiet henta ein rusa mann frå ein utestad i Molde og sette han i fyllearresten.

03.01: Politiet tok hand om ein overstadig rusa 16-åring i Kristiansund. Guten vart sendt til sjukehuset.

Innbrot i bil

03.25: Politiet fekk melding om slagsmål ved Shell i Ørsta sentrum. Saka løyste seg då politiet kom.

04.02: Ein person fekk kutt i leppa etter å ha vorte slått i ansiktet i Ålesund sentrum.

04.51: Politiet fekk melding om innbrot i ein bil på Hareid. Delar av stereoanlegget var stole.

05.23: Politipatruljen i Ørsta kom over eit slagsmål i sentrum. Ein person vart sett i arrest.

06.19: Politiet fekk melding om slåsting mellom fleire personar i Ålesund sentrum. Fire jenter som hadde vore på nachspiel saman. På grunn av ueinigheiter hadde den eine jenta slått til den andre.

06.57: Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut etter melding om røykutvikling i ei studentblokk i Volda.