Hopp til innhold

- MFK kan ta gull

Den tidlegare Molde-spelaren, Kjetil Rekdal, trur Molde tar medalje i år- og at laget fort kan ta gullet.


Kjetil Rekdal
Foto: Arne Flatin / NRK

Aalesund-treneren er overtydd om at MFK tar ein av de tre første plassane i år. Mellom anna viser han til at fleire av dei så kalla topplaga alt ligg mange poeng bak MFK. Lag som Stabæk, Vålerenga, Lillestrøm og Brann har ikkje imponert i sesongopninga.

Rekdal trur Rosenborg, Tromsø og Molde vert dei tre sterkaste i år, og Molde kan godt ta gullet. - Når laget først kan ta medalje, kan dei sjølsagt også gå heilt til topps, seier Rekdal.

Makhtar Thioune
Foto: Stig Morten Waage / NRK

Ein av grunnane til at Molde no er betre enn i fjor er Makthtar Thioune, seier Rekdal. Ein annan grunn er at dei no scorar fleire mål. I fjor opna laget med ei lang rekke uavgjorte kampar, og greidde ikkje utnytte sjansane sine. At Diouf-duoen har fått eit år til med rutine er også viktig, meiner AaFK-trenaren som spelte fleire sesongar for MFK før han forsvann til utlandet og proffeventyr.

Unngå skade og spelarsal

Skal Molde greie å ta medalje er det avgjerande at dei ikkje får skade på viktige spelarar og at dei ikkje vert frista til å selje ut juvelane i sommar, seier Rekdal. Han er sikker på at dette MFK-laget tar medalje dersom laget er intakt i løpet av ein lang sesong. Triumfen over den regjerande seriemeisteren på Fornebu sist serierunde var stadfestinga for mange på at dette laget har potensial til å gå heile vegen.

Endeleg gull ?

MFK har seks sølv i Eliteserien frå før, og eit seriegull vil sjølsagt vere noko klubben har lengta etter heilt sidan opprykket i 1973. Det store MFK-laget på 90-talet vart slått av Rosenborg år etter år. RBK er bra i år også, men kanskje har MFK no ein ny gylden årgang som minst er like bra som trønderane.

Øystein Neerland i sportsleg utval i MFK seier til NRK at det er smigrande at Rekdal har så god tru på sin gamle klubb. Han vil likevel vere noko meir moderat, og konstaterer berre at dei spelar god og underhaldande fotball. Spørsmålet om dei kjem til å selje ein eller fleire av stjernene i sommar er det mange som stiller seg i MFK-miljøet om dagen. Neerland seier dette alltid vil vere ein vanskeleg balansegang, men at noko av poenget til MFK vil alltid måtte vere å få fram så gode spelarar at dei med jamne mellomrom kan hente inn pengar på spelarsal.