NRK Meny
Normal

- Me må vere effektive

Kjetil Rekdal trur effektiviteten vert avgjerande når Aalesund møter Vålerenga i ettermiddag.

Tor Hogne Aarøy etter scoring

TOPPSKÅRAREN: Tor Hogne Aarøy har sett inn sju eliteseriemål denne sesongen. Kan han juble også i dag?

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

AaFK-trenaren trur oransjetrøyene finn tilbake til nettmaskene etter to strake kampar utan skåring.

Direkte: Aalesund - Vålerenga frå kl 17.00

- Litt urytmisk

- Me har hatt ein del skadar. Dermed måtte me bruke folk på uvande plassar, og det har vorte litt urytmisk, seier Rekdal.

Det har ikkje skjedd før i årets sesong at AaFK har gått av bana to gonger på rad utan nettkjenning.

Men med fleire friskmelde spelarar trur Rekdal det vert hol på byllen mot Vålerenga.

Mistar ikkje søvnen

Kjetil Rekdal

TRENAR: Kjetil Rekdal.

Foto: Torgersrud, Marius / Scanpix

Oslo-klubben er AaFK sin rake motsetnad og har bøtta inn 16 på sine fire siste kampar.

Det har ikkje tatt nattesøvnen frå AaFK-trenaren.

- Nei. Me er vanskelege å skåre mål på, og det er sjeldan me går på store, stygge smellar, seier Rekdal.

Les også: - Vi har for få spillere - Costaricaner til AaFK - - Rekdal prater bare tull

I teten med to tap

Han innrømmer at det hastar litt med å kome tilbake på rett spor.

- Med to sigrar til er me i medaljekampen. Med to tap er me på tiande plass. Så det er viktige kampar framover.

Med 27 poeng ligg AaFK på 5. plass på tabellen før kampen, Vålerenga ligg på 2. plass med 34 poeng.