NRK Meny
Normal

- Manglande hygiene

Det meiner Mattilsynet om bedriftene som har fått påvist listeriabakterien. Sjømatprodusent er ikkje einig.

Video nsps_upload_2009_2_5_20_33_22_141.jpg

- Dei har ikkje struktur i arbeidet med vasking og desinfeksjon. Dei tek heller ikkje dei prøvane dei skal ta, seier regiondirektør i Mattilsynet Ivar Hellesnes.

Fant listeria hos sjømatbedrifter

Fire bedrifter

Mattilsynet har funne listeriabakterien ved fire sjømatbedrifter i fylket. Bedriftene det gjelder er Brødrene Remø på Fiskarstrand, Seafood Farmers på Valderøya, Norsk Sjømat på Stranda og Edward Johnsen fiskeforretning på Averøya.

- Vi vil be våre distriktskontor om å gjere nye bedriftsbesøk, seier Hellesnes.

Ueinig med Mattilsynet

Dagleg leiar ved Seafood farmers er ikkje einig med Mattilsynet i at dei har manglande forståing for hygiene.

- Eg har full tillit til vårt kvalitetssystem og ikkje minst folka som jobber med dette hos oss, Ola Holen.

Russland har tidlegare vore skeptisk til å kjøpe norsk fisk på grunnlag av at dei meiner sanitærrutinene har vore for dårleg.

- Eg trur det er gjennomgåande gode rutiner i Norsk fiskeindustri. Mattilsynet følger opp dette og bedriftene har gode eigenkontrollar så det trur eg ikkje folk skal vere uroa for. Norge står seg godt samanlikna med andre land på det området, seier Holen.

- Sjømat er trygt

Som regel ufarleg

Listeriabakterien fins fleire stader i naturen og trivs under ulike vekstforhold. Denne gongen fann Mattilsynet bakterien i gravde og røkte produkt av laks og regnbueaure. Er ein generelt frisk er små mengder listeria som regel ufarleg.

- Folkehelseinstituttet har gidd kosthaldsråd om at folk som har lavt imunforsvar, eldre folk og kreftpasientar om å ete slike type matvarer.

Gravide bør også halde seg unna slike produkt.