Hopp til innhold

- Må rekne med endringar

Det vil bli endringar i sjukehustilbodet i Møre og Romsdal i åra fram over.

Kolbjørn Almlid

MÅ HA ENDRINGAR: Styreleder i Helse Midt-Norge, Kolbjørn Almlid meniner at det må skje endringar i sjukehusstrukturen i helseforetaket.

Foto: NRK

Det seier styreleiar i Helse Midt-Noreg Kolbjørn Almlid.

Blant anna manglar ein helsepersonell til å oppretthalde dagens nivå.

Les også:

Strukturkamp held fram

I dag møtte nesten 100 politikarar leiinga i Helse Midt-Noreg for å seie meninga si om korleis helsetenestene skal organiserast.

- Vi veit at i 10-20 år framover, vil det vere for lite folk i helsesektoren til å fortsettje slik som no, seier han.

Kampen om sjukehusstrukturen held fram, og i juni skal helseføretaket fatte eit vedtak om korleis tenestene skal organiserast. Før den tid skal saka ut på høyring. Mange fryktar at det i framtida berre vert to fødeavdelingar i Møre og Romsdal.

Kompetanse i nærleiken

Det vil ikkje fylkesordførar Olav Bratland godta.

- Vi bør no kjempe for at vi skal ha fire sjukehus i Møre og Romsdal, alle med eit fullverdig tilbod. Det betyr fødeavdelingar ved alle fire - og akuttfunksjonar. Korleis akuttfunksjonane skal vere, det bør kunne gå an å diskutere. Det har ikkje eg sterke formeiningar om.

- Men er ikke den største tryggleiken for pasientane nettopp å komme til den beste kompetansen?

- Det er eg heil eining i. Og då er det ofte at dei kan finne god kompetanse også i nærsjukehuset. Då er det dette med tryggleiken som igjen kjem inn, spesielt for dei fødande.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL