Molde vann altså 2-0 over Klaksvik i går. Magne Hoseth på straffe og David Ljung scora for heimelaget. Returkampen går på kunstgras på Færøyane 28.august
Kihlberg er ikkje sikker på om lagkameratane er klar over at dei faktisk kan rykke ned.
Utandørsbasseng
Molde stadion likna nesten på eit utandørsbasseng til tider i regnbyene i går kveld. Magnus Kihlberg var ekstra sugen på kamp etter at han stod over mot Bodø/Glimt måndag. Han var Moldes bestemann i går, og fekk trampeklapp av publikum for innsatsviljen.
Og nettopp det er oppskrifta på å overleve i Tippeligaen seier svensken.
Magnus Kihlberg har spelt i norsk fotball i mange år, men dette er hans første i Molde. Ein klubb som har kjempa i toppen stort sett sidan 1995.
I Kihlberg sin gamle klubb Lillestrøm har det vore litt meir opp og ned, og han veit kva som må til for å overleve i Tippeligaen.
Søndag er tabellnabo Lyn motstandar på Ullevål. Og denne kampen er viktig seier Moldes kvikke midtbanespelar.