Hopp til innhold

- Ingen fleire permisjonar for valdtektsmannen

Statsadvokat Bjørn Kristian Soknes var aktor under ankesaka mot Blink-mannen i 2007. Soknes meiner den dømde ålesundaren ikkje bør få fleire permisjonar.

Berg fengsel

Mannen frå Ålesund er dømd til fengsel i 9 år for overgrep mot 13 jenter.

Foto: NRK

Onsdag blei 32-åringen sikta for valdtekt og overgrep av ei 15 år gamal jente same dag som han fikk permisjon frå Berg fengsel i Vestfold. Mannen sonar ein dom på ni års fengsel for seksuelle overgrep mot 13 jenter på Sunnmøre.

Statsadvokat Bjørn Soknes

Bjørn Soknes var aktor då saka mot mannen var oppe i Frostating lagmannsrett i 2007.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Min første reaksjon er at det som no har skjedd i Vestfold er utruleg trist. Det er forferdeleg for den det har gått ut over. Det er lett å vere etterpåklok. Mannen har hatt krav på permisjon, og tryggleiksvurderingar er alltid vanskelege, seier Bjørn Soknes.

Kva følgjer bør den siste valdtekta få?

– Blir han kjent skuldig i den siste valdtekta bør han også få forvaring. Han fekk i utgangspunktet ei lang fengselsstraff i domen frå Frostating lagmannsrett. Når han utfører likearta forhold i permisjon under soning, bør ein påstå forvaring, seier Soknes.

Den 32-år gamle mannen frå Ålesund kom i kontakt med jentene han forgreip seg på gjennom internett. Han brukte nettstaden Blink og meldingstenesta MSN. Under soninga har mannen hatt tilgang til internett på skulen han gjekk på. Bjørn Soknes kritiserer no at mannen hadde tilgang på internett.

– Det var internett som var inngangsporten då han forgreip seg førre gong. Utan unnatak var det internett som var bakgrunnen for første kontakt med offera. Han burde ikkje ha hatt tilgang på internett under soninga, seier Soknes.

– Men fins det måtar ein kunne ha unngått den siste hendinga på?

– Eg reknar med at leiinga i fengselet har hatt informasjonar om kva framgangsmåtar han har brukt i saka han sonar for. Då burde dei vere observante på hans bruk eller ikkje bruk av internett, seier Soknes.

Onsdag denne veka fekk mannen permisjon frå soninga. Same dag tok han kontakt med ei 15 år gamal jente. Ifølgje siktinga valdtok han henne.

– Då han fekk permisjon frå fengselet køyrde han direkte for å treffe jenta. Dei køyrde til eit skogholt i Re kommune, der valdtekta skal ha skjedd, seier politiadvokat Lise Dalhaug Øhrling i Vestfold politidistrikt.