Hopp til innhold

- Må få betre hjelp

Fleire pårørande meiner dei har blitt sitjande igjen med arbeid og store utgifter etter at deira næraste omkom på havet.

Kåre Bjørn Våge
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Mest av alt fryktar dei kanskje at dei ikkje skal klare å ta vare på ettermælet til dei som er komne bort.

No etterlyser dei betre hjelp når nære familiemedlemmer ikkje lenger kan tale si eiga sak.

Rettstryggleiken

Støttegruppa for dei pårørande etter Bourbon Dolphin-forliset brukte mykje ressursar på å ivareta rettstryggleiken til dei åtte som omkom.

- Vi har søkt mange instansar om å få støtte utan å få det, og det er vi veldig skuffa over, seier Kåre Bjørn Våge som er nestleiar i støttegruppa.

40 % av pengane støttegruppa etter Bourbon Dolphin-forliset har brukt på advokat, har justisdepartementet no betalt. Men 150 000 kroner må gruppen skaffe sjølve.

Også etter forliset til sjarken Steinar sit dei pårørande igjen med mykje ansvar. Då status på saken blei endra til "søk etter omkomne", var det sønene som brukte eigne midlar på å halde fram leitinga etter faren under anbodsrunden for kven som skulle heve sjarken.

Styresmaktene

Unnsetningskassen til Møre og Romsdal Fiskarlag skal no støtte dei pårørande frå sjarkulukka økonomisk. Der ønskjer dei at ulukker på sjøen skal få høgare prioritering hos styresmaktene.

- Vi meiner det er viktig at styresmaktene set inn nok ressursar slik at dei pårørande opplever at det blir gjort nok i leitinga etter dei omkomne, seier dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morthe Sorthe.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL