Eit utval i Norsk Kjøtt foreslår å legge ned slakteriet i Molde.
Det opplyste administrerande direktør i Gilde Bøndernes Salgslag, Knut Solberg på eit allmøte i dag.
Leiinga i Gilde Bøndernes Salgslag har tidligare gått inn for å legge ned avdelinga i Molde for å redusere det store underskottet i kjøtkonsernet.
Tilsette kjempar vidare
Styret i Norsk Kjøtt krev ei ny utredning før den endelege beslutninga blir tatt.
Kurt Hagerup
Og tillitsvalgt Kurt Hagerup gir ikkje opp.
- Dette er berre ei innstilling, seier han.
- Saka skal behandlast i styret den 23. oktober. Vi vil kjempe vidare og har ikkje tru på tala som er lagt fram, vår rapport viser nemleg det stikk motsatte, seier Hagerup.
Administrerande direktør Knut Solberg går god for tala og seier at Gilde Bøndernes Salgslag må redusere kostnadane sine.
- Då er det ingen annen utveg enn å legge ned slakteriet, og dette vil gje oss innsparingar på mellom 25 og 30 millionar i året, seier Solberg.
Beinhard tid over
Nedlegginga i Molde omfattar 145 ansatte og 40 av disse vil få tilbod om arbeid ved andre avdelingar i Gilde.
Glede ved slakteriet i Ålesund
Ved slakteriet i Ålesund blei også dei ansatte orientert om avgjerda i dag. 60 personer er nå sikret videre arbeid, og det er klubbleder i Ålesund Odd Silseth glad for.
- Resultatet kom på ingen måte overraskande, seier Silseth.
- Vi har venta i spenning lenge no, og det har vore beinhardt, seier han.
For slakter Rune Kjelstad er dagen i dag ekstra spesiell.
Han jobba tidlegare på slakteriet i Surnadal då det blei nedlagd. Den gongen valgte han å søke seg til slakteriet i Ålesund. Det er han sjeleglad for i dag.