Kjell Fonn, Lensmann i Førde.
Møtte lensmann Kjell Fonn
- Det er heilt naturleg at eg og lensmann Kjell Fonn snakkar saman under ei drapsetterforsking som dette, seier Hessegjerde. - Eg synest Kjell Fonn har løyst arbeidsoppgåvene sine svært godt, og eg er glad for at lensmannen tek ansvar og står fram på den måten han gjer.
Jens-Arne Hessegjerde, Lensmann i Stranda. Foto:Scanpix.
Mediakøyr
Jens-Arne Hessegjerde opplevde sjølv eit mediekøyr utan like då Espås-etterforskinga var på det mest intense. - Det er jo slik at i denne situasjonen skal alle ha ein bit av deg, og journalistane skal ha ein veldig stor bit. - For meg var dette ei ny erfaring, og det er det sikkert for Kjell Fonn også no. Men tipsa og råda eg har gitt til Kjell Fonn blir mellom han og meg. - Vi hadde ein lang og fruktbar samtale.
Trude Espås.
Espås
Jens-Arne Hessegjerde vil ikkje trekke altfor klare parallellar mellom Slåtten-saka og Espås-saka. - Alle saker er i grunnen ulike, så det er veldig vanskeleg å sette likheitsteikn mellom saker. Men der er litt likheitstrekk, og så er der heilt sikkert mange ting som ikkje er like i det heile teke. Hessegjerde går med på at her er tre likheitstrekk: Det handlar om unge kvinner, ukjend gjerningsmann, det har skjedd nær bebyggelse og faren for å ha blitt oppdaga er stor.
Gir aldri opp
I august er det 8 år sidan Trude Espås blei drepen. Hessegjerde seier at etterforskinga framleis pågår, og at det står att mange arbeidsoppgåver før etterforskinga kan avsluttast. Det er ei sak med ei utruleg mengde informasjon. - Eg har alltid vore optimist, og trua på at Espås-saka skal løysast vil eg ikkje gi opp, seier Hessegjerde.