I eit ope brev til dei som eig jaktrettar skriv Arnar Lyche i landbruksselskapet Landbruk Nordvest at hjortestammen er for stor. Han meiner at hjortestammen er kunstig stor, mellom anna fordi bønder legg ut for om vinteren.
- Det er betre å la hjorten svelte enn å fore desse dyra, seier Arnar Lyche.
Foto: Omar Sejnæs / NRK– Vinterforinga stimulerer til ein auka bestand. Vinteren er «flaskehalsen» for dyra. Når dei får ekstra for, blir det lagt eit grunnlag for at bestanden kan bli større, seier Lyche.
– Foret fungerer også som ein magnet på hjorten i området. Gardsbruka som ligg i nærleiken får oppleve biverknaden av dette, seier Lyche.
– Jakt er ikkje nok
Landbruk Nordvest hevdar at det fins mellom 50.000 og 60.000 hjort berre i Møre og Romsdal. I fjor blei det felt meir enn 11.000 hjort i det same området. Jakt er ikkje åleine nok til å halde bestanden nede, seier Lyche.
– Vi ser at det er eit problem at hjortestammen aukar i omfang. Sjølv om jakttida er utvida og det lov å felle fleire dyr, så aukar stammen, seier Lyche.
– Kan ikkje la dyra svelte
Fredrik Fredrickson er ein av gardbrukarane som har valt å gje for til hjortane i Skeidsdalen. Berre i vinter har han brukt 50 rundballar for å fore hjortane. Han er samd i at hjortestammen er stor, men han vil ikkje kutte ut foringa.
Fredrik Fredrickson forar hjortane, og vil ikkje la dyra svelte i hel.
Foto: Omar Sejnæs / NRK– Vi kan ikkje la dyra svelte i hel. Har vi mulegheit til å hjelpe dei, då må vi gjere det, seier Fredrik Fredrickson.
– Skyt heller kalvane
Fredrik Fredrickson vedgår at det kan vere plagsamt med for mykje hjort kring husa. Men han meiner det fins andre måtar å redusere hjortestammen på enn å svelte dei slik at dei døyr.
– Berre i eit lite område her har 40 kalvar stroke med i vinter. Jegarane må få lov til å skyte fleire kalvar, så slepp dyra å lide slik som dette. Det er betre å ta ut kalvar enn vaksne dyr. Dei vaksne dyra overlever vinteren, seier Fredrickson.
– Er det ikkje brutalt å svelte dyra slik at dei døyr?
– Vi må redusere stammen. Då må vi la naturen ordne opp sjølv. Vi er ikkje sett til å vere herre over alt i naturen, seier Arnar Lyche i Landbruk Nordvest.